torsdag, oktober 15, 2020
Dagbok 2020: 15.oktober
Klokka er no ca.17.00, temperaturen ute er+ 9 grader og vi har det samme nydelige vêret. Borte på andre sida av bygda har dei lite sol og glatte vegar. Eg er glad for at vi valde å busette oss her på Solsida.Bildet over er frå i går, i dag har eg ikkje gått tur.
Når ein skal trene midt på dagen, blir ein litt skipla. I dag fekk eg gjort litt før vi for, eg steikte noko sopp eg kjøpte på tysdag og så skrelte eg og skar opp eple til eplekake. Torde ikkje å sette i gang med baking i tilfelle kaka ikkje vart steikt til vi skulle fare. Det var Marit som køyrde i dag. Etter treninga hadde ho ærend på Alti og etter det var vi på Spar og handla litt. Då eg kom heim vart det middag i full fart. Varma karbonade og frosne grønsaker i mikrobølgeomnen og tok ei brødskive til, og ikkje minst-steikt sokk. Så laga eg deigen til eplekaka og fekk den i omnen. Eg hadde laga til litt for mykje eple, det som vart att fekk ein tur i mikroen, og vips så hadde eg dessert.
Meir får eg ikkje utretta i dag, eg synest det er kaldt og vått når eg skal styre med noko i hagen, men det er ting som skulle vore gjort før vinteren kjem, så eg får ta meg saman ein dag.Elles går eg og ber på ark og øver på spansken rett som det er. No har eg inga tru på at eg kjem til Spania og kan snakke med folk der. For meg er det rein hjernegymnastikk. Telefonen min er framleis ikkje i orden, så det er inga hjelp i å ringe til meg. Men eg er tilgjengeleg på nettet; messenger e-post ,facebook etc.Eg håper eg kan få ordne den i morgon-eg har prøvd både PIN og PUK -kode.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 26.oktober
På TV:Mor og dotter på Grønland.(Eg kjenner dei ikkje, men såg dei på TV) Klokka er no 20.26,temperaturen ute er +6 grader og det regnar lit...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar