søndag, oktober 18, 2020
Dagbok 2020: 18.oktober
Klokka er no 17.50, temperaturen er +2-3 grader C og det er skymt ute. Neste sundag er det slutt på sommartida og då blir det enda tidlegare kveld. Då eg såg ut i dag tidleg låg det snø på marka, noko eg absolutt ikkje likte.Har vore frostig i heile dag. Ikkje rart for eg har stort sett sete i ro og då skal det noko til å halde varmen. Eg har ikkje gjort det skapte grann i dag, anna enn å lese spansk og strikke litt.
Til middag sette eg meg til å ete graut frå i går, og då eg var nesten ferdig kom eg på kva eg hadde planlagt å lage i dag. Eg har nemlig både spekesild og kål i hus, og melk til kålstuingen. OK men så får eg sjå fram til at eg skal ha sild i morgon, det er nemleg noko av det beste eg veit.Bodil ringde og vi prata ei god stund, det var no kjekt, og for ei stund sidan ringde Marit og spurde om eg ville komme opp dit, men no ville eg helst vere heime, for eg har fått varmen i meg endeleg. Leigebuarane er ikkje heime, så det er ingen som fyrer oppunder meg. Eg prøvde å sjå ein serie på NRK TV, men det var ikkje så oppløftane, heldt på og skulle sovne. På vanleg TV blir det vel mykje innsamling i kveld.
Eg ville no ha gått ein tur i dag, men lysta til å gå ut var ikkje stor.Eg håper at vi ikkje skal ha dette vêret særleg lenge, for det er noko deprimerande.I komande veke blir det som vanleg trening og spansk-det er godt å ha noko å gå til, slik at ein kjem seg ut.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar