tirsdag, oktober 20, 2020
Dagbok 2020: 20.oktober
Klokka er 17.00, temperaturen er + 4 grader og det regnar. Merkeleg kor vêret skiftar, men eg er no glad for at det ikkje er snø.
Dagen i dag har gått unna fortare enn eg likar.Det skulle no vere eit teikn på at eg ikkje "kjeder meg". I dag vart det eg som køyrde til treninga sidan det ikkje var verken snø eller is på vegane.Etter treninga var vi på Spar og handla litt, og sjølv om eg ikkje trur eg treng noko så går eg ut med ein full pose.
Hadde eit par små jobbar her heime, før eg sette meg til med spansk-leksa. Vi har nmykje å øve på til i morgon. Eg hadde ikkje tenkt å lage så mykje middag i dag, men så fekk eg lyst på noko varmt. Det vart suppe i full fart: Ein skvett med vatn, eit par bulliongterningar, frosne grønsaker frå ein pose og to Wienerpølser i bitar, så hadde eg full middag utan altfor mange kaloriar.Derfor laga eg riskrem til dessert. Der for resten av laurdagsgrauten!
Eg vart mett og trøtt og sette meg i godstolen med ei bok, og sovna neste, men då ringde det på døra. Det var ei "venninne" som ville ha meg til å gjere ei lita teneste, og det var no greitt. Ho ville ikkje komme inn, så vi vart ståande ganske lenge i vindfanget.No har eg kokt meg ein kopp kaffi, såpass eg blir vaken nok til å studere på spansken. Tida har gått litt frå meg i dag.
Eg har nokre fine bilde som eg har funne på på FB, men eg får ikkje lagt dei inn her.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar