lørdag, november 27, 2021

Dagbok 2021: 27.november




Dette bildet vart tatt i 12 tida i dag, sola var i fjella, men kom ikkje ned hit . Heller ikkje var det sol på Vernet. Så eg heldt meg inne. Det var kaldt og eg måtte fyre i omnen, for varmepumpa greidde ikkje å halde temperaturen oppe.
Temperaturmålaren på trappa viste minus 8 grader.
Eg hadde ikkje lagt plan for dagen, men Marit opplyste meg om at det var 1.sundag i advent i morgon, så ho ville begynne å pynte litt til jul. Eg kunne ikkje vere dårlegare, så eg gjekk i kjellaren og henta pynten min. Eg fekk hegt opp ei julestjerne og sett fram diverse lysestakar, men ville ikkje gjere altfor mykje av det. MEN  så kom eg på at eg ville skifte til "julegardiner"-dei er kvite og ikkje så julete at det gjer noko. Det tok si tid å ta ned gardinene som var, og henge opp dei kvite. Då eg var ferdig klokka 13.30 tok eg dette bildet frå altanen.


Det er vakkert med kvit vinter, berre synd det er så kaldt. Det var ymse ting eg trong på butikken, så eg kledde godt på meg og tok ut bilen. Den starta på første forsøk, og eg kom meg trygt og godt både ned på Kiwi og  heim att til tross for mykje is på vegane. Eg kjøpte melk , blant anna, for eg hadde sett på ei koke med risgraut og hadde ikkje nok melk. Det blei middagen i dag, med litt morpølse til og ein kopp kaffi etterpå. Så måtte eg finne noko på TV-en og sjå på mens eg strikka. I dag fann eg noko eg trudde var ein serie om dronning Elisabeth den første av England. Men det var berre ei lang episode. Eg likar godt slike filmar frå gamle, gamle dagar, då er det ikkje så farleg om dei høgg hauda av kvarandre heller "for det er så lenge sidan".
No må eg ut og hente inn meir ved, denne omnen eg har sluker veden, og så blir den fort kald att. Det var nærmare 9 minusgrader sist eg såg etter. Og eg vil ikkje fryse. Så står det berre att å ønske alle ei fin adventstid.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...