tirsdag, november 23, 2021

Dagbok 2021: 23.november


 Klokka er no16.35, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar. Det regna voldsomt på føremiddagen, så krafta blir vel snart gratis. Likar ikkje regnet, men heller det enn snø, vi slepp i alle fall å mòke.

I dag var de trening igjen og eg køyrde. Vi var på Spar og handla etterpå. Det er lurt å handle i lag med Marit for ho passar på kva som er på tilbod. I dag gjorde vi det godt, kvar sin 8- kilospakke med kveitemjøl til nærmast halv pris.

Etter at eg kom heim kveikte eg i omnen; veden frå Even brann godt, der var mykje ore-ved og den brenn så reint, all soten forsvann i omnen og her blei varmt og godt. Eg fann fram ein middagsrest som eg varma og kokte poteter til. Etter at eg hadde ete og rydda opp sette eg meg inn i stolen min-og då gjekk det som det måtte gå. Eg sovna og tømte kaffien ned i fanget (det er ikkje første gongen det skjer)-så eg måtte byte på meg tørre klede, heldigvis rann ikkje kaffien ned i golvteppet. 

Når dagane er så korte må eg kjobbe litt utetter kvelden. No har eg sett ein deig til julebrød med rosiner og sukat. Eg kjem ikkje til å bake så mykje til jul, men viss eg bakar litt no og då, blir det sikkert nok.

Solveig har skada ein finger på skulekjøkkenet i dag. Eg fekk melding frå Einar, det var han som køyrde henne til Volda sjukehus, der ho tok røntgenbilde og vart gipsa. Meir veit ikkje eg.

På"arbeidsbordet mitt i stova er det ofte overfylt. Her har eg alle fjernkontrollane mine, avis, bøker strikketøy og diverse anna. Spanskboka ligg klar no, for i morgon er det kurs. Men eg skal ta vaksine før "skuletid"- så det spørs om eg blir i stand til å telje etterpå. Eg har øvd meg veldig, og eg kan tala uansett om eg greier å telje i morgon. Møre-Nytt må eg også gå gjennom, eg plar lese det meste i den avisa-elles les eg ikkje aviser, men høyre mange dagsnytt-sendingar på TV. No må eg sjå etter om deigen er ferdigheva.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...