tirsdag, november 30, 2021

Dagbok 2021: 30.november

 

No er klokka 17.30 og temperaturen ute er minus 1 grad. Det er til å leve med.
I går kveld fekk eg ikkje til å sove, til tross for at eg hadde tatt både sovetablett og Ibux. Eg verkte slik i venstre hofta at det var uråd å sovne. Til sist måtte eg ta siste utveg: knekkebrød med brunost. Når eg har problem med søvnen plar det hjelpe med ein tur på kjøkkenet. 
Då eg vakna i dag var eg mykje betre og etter frokost etc. gjekk eg ut og begynte å moke tunet. Torbjørn kom og tok brøytekanten og et par striper på tunet med fresaren. Eg likar i grunnen å moke snø når det ikkje er altfor mykje. Eg kjøpte nytt mokebrett i fjor det er relativt lite og lett å jobbe med. Ulempa er at det er så lett at det helst vil fare oppå snøen. Eigentleg skulle eg ha vore på trening i dag, men eg orka ikkje å moke heile tunet og så trene etterpå. Det vart ikkje til at Marit for nedover heller.
I dag har eg fyrt i omnen og ikkje hatt på varmepumpa. Til mi store forundring kan eg fyre med greiner etc. som eg saga av trea i haust. Men det brenn fort opp. Det viktigaste er at eg har det varmt.
I mellom snøbygene var det aldri så lite sol, og Marit hadde sol i stova si i dag. Trur ikkje eg hadde det. Eg har ikkje funne snøspaden enno så eg har ikkje moka altanen og rekkverket.
Etter at dette bildet vart tatt kom det ei ny byge og eg moka tunet for andre gong. Sidan har eg ikkje vore ute. I dag laga eg grønnsaksuppe med pølsebitar til middag, i morgon slepp eg å koke for då er det pensjonist- julemøte med julemat på Bakk-Ola . Eg skal på spanskkurs 11-13, og så er det møte klokka 15, så då har eg streng timeplan.
Etter middagen i dag sette eg meg inn til TV-en med kaffikopp. Eg vart veldig søvnig så eg var redd eg skulle tømme ned kaffien, og det var det eg gjorde endå så godt eg passa på.  Så var det berre å byte klede. Eg er glad for at kaffien traff meg og ikkje golvteppet. 
Det blir veldig tidleg mørkt om ettermiddagen, trur det var mørkt klokka 16 i dag. Det er lett å tru at kvelden er komen og så slappe heilt av. Men eg har diverse å halde på med. Eg må sjekke at eg har noko å ha på meg i morgon, og så må eg lese på spansk-leksa og bøye verb.
Det ser ut til at TV-en er i  orden no, så eg gjorde vel innlogginga slik eg skulle.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...