onsdag, desember 01, 2021

Dagbok 2021: 1.desember


Klokka er no 18.12. Temperaturen ute er minus 7 grader, men det er opplett, fint og kvitt. Det er ei stund sidan eg kom heim, eg har streva litt for å få eld i omnen, men no brenn det godt. Eg har ikkje fyrt eller hatt på varmepumpa i dag, men greidd meg med ein liten vifteomn dei stundene eg har vore heime.
I dag hadde eg vekkarklokka på 8- og jammen sov eg til den ringde. Då vr det full fart å få på seg klede og ete frokost før eg gjekk ut og skulle moke snø. Det var ikkje så mykje eg fekk moka, berre eit tynt lag med nysnø oppå det eg moka i går. Eg rygga bilen ut og såg at eg kom meg fram, eller rettare sagt bak.Det var is på framruta då eg skulle fare, men den gjekk bort med litt halvvarmt vatn. 
Eg skulle først ein tur på ALTI, men då eg kom ned til Vik kom eg på at eg hadde gløymt høyreapparata, så eg køyrde like godt heim att og henta dei. Eg hadde god tid og bilen har godt av å gå seg litt varm. Eg tok ut pengar i minibanken og så stakk eg inn bilbutikken og kjøpte ei lita isskrape, eg veit ikkje kvar eg har gjort av dei eg hadde. Så parkerte eg ved Spar og gjekk til hotellet. Der var det altfor kaldt på rommet vi fekk tilvist i dag, men undervisninga gjekk sin gang. Vi skulle ha vore filma ! Det kunne blitt ein bra sit. com. Om skuleunger er litt bortreiste somme tider, så slår dei ikkje pensjonistar(mange lærarar) som skal lære spansk. Men vi har evne til å le av oss sjølve.
Før eg køyrde heim, handla eg litt på Spar. Eg hadde ein times tid heime, og bytte til andre klede. Det vart til at eg køyrde til møtet og Marit sat på med meg, eg køyrde heim att også, det var ikkje så mørkt når snøen ligg kvit og fin og det er gatelys heile vegen.
Eli var i tvil om vi skulle ha julemøte i år. Det plar ikkje vere så mange som møter fram. Men eg foreslo å ha eit enkelt møte på Bakk-Ola , med julemat og julesongar. Og slik blei det. Og eg trur det vart vellykka. Matias var der og spelte piano til julesongane. Elles vil eg ikkje skrive meir om møtet i tilfelle eg skal skrive i avisa. Er ikkje sikker på det.
 Det brenn i omnen no og eg har på ein vifteomne, men trur det tek tid å få her varmt. Marit ha bestilt taxi til treninga i morgon. Vi får det gratis sidan vi har frikort, men om veret er bra kan det hende eg køyrer sjølv .

SEr på FB at Solveig har vore på sjukehuset i dag og tatt nytt røntgenbilde av fingeren. Det såg visst bra ut. Men som eg forsto har ho vondt enno. Eg hugsar den gongen eg braut handleddet. Det slutta å verke med det samme eg fekk gips på. Å bryte ein finger er ikkje like enkelt har eg forstått.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...