torsdag, desember 02, 2021

Dagbok 2021: 2.desember.


Klokka er no 16.00, temperaturen har gått opp til minus 1 grad C. Det hadde kome snø i natt, men i dag har det stort sett vore opplett.
Planen for dagen var grei, vi skulle få taxi til treninga kl.10. Likevel fekk eg ikkje til å sove , men låg vaken det meste av natta. Men eg var oppe til rett tid og laga meg frokost. Då fekk eg melding frå Marit om at det ikkje vart trening i dag fordi fysioterapeuten var blitt forkjøla-og då fer ho ikkje på jobb. 
Eg kunne ha gått ut og begynt å moka snø, men eg fall for freistinga å legge meg inn att i senga og kvile.  Sov ca 1 time og då eg stod opp for andre gong var tunet ferdigmoka -ikkje frest. Det var nabo Torbjørn som hadde gjort dagens gode gjerning. Men her var rikeleg snø til meg også. Mellom anna moka eg altanrekkverket delvis, og laga meg ein slags veg nedom huset så eg fekk henta opp hageved. Det kjem vel med alle kvistar og greiner no, og dei brenn faktisk. Eg har på varmepumpa for å ha ein lite grunnvarme. Eg har enno ikkje funne att snøspaden, og den saknar eg. Den er god å ha til trappa og altanen spesielt. 
No har eg funne ut kva eg ønsker meg til jul, og det er hanskar og vottar. Når eg er ferdig med den lesten eg strikkar no, har eg tenkt å strikke vottar til meg sjølv, viss eg finn ei oppskrift-ja, eg greier det vel utan også.
Eg hadde ærend til Vik, skulle kjøpe ein blomsterbukett og overrekke. Eg hadde tenkt å gjere andre ærend også, men det var eit ufyseleg føre, så eg for heim først best.I går kveld var det heilt nydeleg å køyre på vintervegar.

Då eg var heime att var det å fyre igjen, den fyringa tek mykje tid - eg laga pannekakerøre -så det vart pannekaker til middag i dag.
Eg lurer på om eg skal skrive noko frå pensjonistmøtet  til avisa, i så fall har eg heile helga på meg.
No har eg ingen fleire plikter der før jul, og spanskurset startar ikkje opp før i februar- men vi har mykje lekse. Håper eg skal få gjort litt her heime ikkje berre moke og fyre. Det er tidleg mørkt, men så kan vi glede oss til at sola snur. I morgon blir det å få litt orden på huset-eg har ein tendens til å rote sjølv om eg er åleine.




 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...