mandag, november 29, 2021

Dagbok 2021: 29.november


Klokka er no 16.25, temperaturen ute er herlege 0 grader, den kulden vi hadde i går er over for denne gongen, og gjev den ikkje kom att.
I dag skulle Ragnhild hente meg, og så skulle vi til Volda og besøke Tone. Det vart ikkje gjort mykje før eg fór anna enn det vanlege morgonstellet, men mens eg venta på Ragnhild øvde eg på spansken. Vi plukka opp Astrid på veg bortover, så vi fekk vere i lag vi fire som ofte var det før. Etter at Tone fekk probleme med å gå etc. har dei bygt nytt hus, der alt er tilpassa. Veldig fint har dei det no. Bildet viser utsikta frå stoveglaset, der kan ein sjå både Ròtevatnet og fjorden, for ikkje å snakke om Rotsethornet.
Vi fekk lunsj med pastasalat og smørbrød og vi hadde det veldig hyggeleg . Frå å vere kollegaer med travle og stressande dagar, er vi no pensjonistar -alle med sine utfordringar. Men vi står han av- enn så lenge. Tone er den yngste, ho fylte nyleg 68år, og eg er den eldste.
Då eg kom heim fann eg melding frå redaktøren i Møre-Nytt, eg får ikkje inn stykket mitt i morgon , men vi skulle få god plass i fredagsavisa. Eg har skrive ein liten tekst, og Nelly Perdy har sendt inn bilde. Så det kan bli bra. Eg trudde lenge det var Nelly som sende bilda frå Ørsta til vermeldinga på NRK, men i siste Møre Nytt skreiv dei at det var Lyder Øye. Han har eg hatt som elev ein gong i ei fjern fortid.
Eg kunne ikkje lage middag då eg kom heim, sidan vi hadde ete lunsj. Det eg har gjort er å kveike i omnen og sette ein brøddeig. Dei ferske gran-greinene brenn så godt som berre det når dei kjem i lag med tørrare ved. Eg har også sett på ein klesvask, men tenkjer på strauforbruket no når straumen er så dyr. Uansett vaskar eg ikkje klede for hand, men kan godt ha ved til oppvarming.
I morgon skal vi på trening og då får eg også handle litt. Må vel bake litt til jul uansett.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...