lørdag, november 20, 2021

Dagbok 2021: 20.november


Klokka er 18.50,temperaturen ute er +3 grader C. Det har regna i dag også, men det har ikkje vore vind.

Eg følte at det var sundag i dag, så eg tok meg ikkje til noko anna enn å strikke litt, husarbeidet tok eg i går. Marit hadde fri i dag, for hunden var på hytta, så vi tenkte vi kunne utnytte dagen og fridomen til å ta ein tur på Plantasjen. Eg var ikkje sikker på om eg orka å køyre dit i dag, men då vi først hadde kome oss av garde, gjekk det som smurt. Eg fekk handla ein kvit orkide, to raude amaryllisløkar og ein krans til grava. Så treng eg ikkje å fare dit fleire gonger før jul.Vi handla litt mat på Coop, eg tok som vanleg med ein spekesildpakke derifrå. Vi køyrde nedom ALTI på heimvegen, men der var så mange bilar at vi køyrde rett heim, det er ikkje lurt å komme i lag med så mykje folk i denne nye koronatida.

Då vi var komne heim avtalte vi at Marit skulle komme ned til meg og drikke kaffi etter at vi begge hadde ete middag kvar for oss. Eg storkosa meg med nydeleg spekesild med poteter, kålstuing  og sylta raudbetar, ho hadde gryterett. Til kaffien hadde vi  restar av ei kake og ein ny sort is. Vi gjer det enkelt.

Tidleg på føremiddagen fekk eg besøk av ei anna nabodame, som hadde høyrt at eg hadde vore på sjukehuset. Eg kunne berolige henne med at det ikkje var så veldig alvorleg.

Det vart inga mosjonsrunde i dag, men det kan bli dobbeltrunde i morgon-kanskje. Det vart relativt kaldt ute no-med ein stor rund måne langt mot aust. Før i tida hadde dei stor tru på månen, eg veit at besten snakka mykje om den, men slik lærdom har gått i gløymeboka. Trur eg.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...