mandag, november 09, 2026

Dagbok 2026: 9.november


 Klokka erno19.37, temperaturen ute er + 6 grader og eg trur det regnar.

I dag har det vore ein litt annleis dag, og det er no kjekt med forandring om det ikkje er fantastisk alltid.

Dagen i dag var bestemt på førehand.Eg måtte gjere noko med hørselen min, den har vore dårleg lenge-i mange år faktisk og eg har hatt fleire høyreapparat som ikkje har hjelpt meg mykje, dei eg hadde no låg ikkje i ro inne i øyra ein gong , men spratt ut. Sidan eg hører så dårleg måtte eg ha med meg Solveig som hjelpeperson som kunne snakke med folk. Vi køyrde til  til Ulsteinvik der dei har eit kontor.Eg har vore der mange gonger og fått høyreapparat -som har hjelpt litt ei stund. No rekna eg med at eg skulle få nye og betre apparat og budde meg på at eg skulle stå i eit bur så dei skulle teste hørselen min..............Men slik vart det ikkje. Vi fann fram til "kontoret"og kom inn til ei dame.Men i dag var det ikkje snakk om å teste hørsel....nei det var rett inn i øyra mine med ein streng eller kva det var- så han skulle grave ut øyrevoks. (Det var ein mann som gjorde det)Det var ikkje kjekt. Eg hadde så smått tenkt meg ned på legesenteret å få spylt øyrene på førehand, men så slo eg det i frå meg- DESSVERRE.  Det vart ikkje gjort noko meir i dag, men eg må nok ut att om ei stund....................................................

Solveig er veldig fornøgd med EL-bilen dei har no,, og vi hadde ein kjekk biltur heim til Ørsta også,. Då vi kom inn i rundekøyringa tenkte eg at no var vi nær 

Plantasjen, så det hadde vore kjekt å sjå om dei hadde pynta til jul. Dei plar vere ute i god tid. Julepynt var der ikkje så mykje av, men eg fekk kjøpt nokre potteplantar, for no hadde eg ikkje så mykje av den sorten. Eg kjøpte tre Vanlege plantar-ikkje så veldig julete altså.

Og sidan vi var i Furene kunne vi handle mat på Coop-og det angra vi ikkje på. Dei har mykje god mat på KIWI, men på Coop var der enda mykje meir, og eg fann no yndlingsretten min der: SPEKESILD altså.

Solveig måtte sjølvsagt køyre meg heilt heim, og så kokte vi kaffi og smakte litt på det vi hadde kjøpt.

Det er reine luksusen å ha ei dotter som er pensjonist. Ho kan snakke for meg også, og ho forstår kva folke seier. Eg har litt problem med å forstå kva som blir sagt-derfor må eg ha høyreapparat.

No har sete og strikka på ein lest- det er nummer to i eit par, men eg har ikkje rekt opp så mange gonger som på den første. Kva tid eg skal ut att for å få hørselshjelp-det veit eg ikkje-

No fekk eg melding om at eg har fått ny time den 18.desember, og då er det no nesten jul.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 9.november

 Klokka erno19.37, temperaturen ute er + 6 grader og eg trur det regnar. I dag har det vore ein litt annleis dag, og det er no kjekt med for...