November er ikkje den månaden eg er mest glad i -men så lenge det ikkje er snø, så går det bra.I dag då eg stod opp, var eg sikker på at det var tysdag, men så stemte det ikkje med kalenderen.
I dag måtte eg ha litt meir mat i hus , så då fekk eg meg i alle fall ein tur på butikken. Der var ikkje mykje folk i dag og eg møtte ingen eg kjende.
I dag hadde eg god tid til å besøke Marit , så eg var der ei god stund før eg måtte heim og ete middag. Elles tok eg fatt i den umulege lesten som eg har strikka på i dagesvis, så no er den ferdig -om eg ikkje rekker opp att ein gong til. Eg var ikkje fornøgd i dag heller.Eg må vel strikke ein til viss det skal vere noko å ha.
Komande mandag skal eg til Ulsteinvik og få meg nye høyreapparat, dei eg har hatt til no har vore ubrukelege, så eg har ikkje brukt dei mykje . Solveig skal vere med meg denne gongen, og ho kjem hit i morgon så vi kan forberede oss litt. Eg begynte med høyreapparat i 60-årsalderen, men har ikkje hatt nokon som eg var nøgd med, så eg har brukt dei lite.
I morgon skal Solveig og eg ha oss ein tur ned i VIK (Ørstavik)og sjå om vi finn noko vi treng. Eg treng t.d.nye gummistøvlar m-m-
November er aldri favorittmånaden min-men kven veit? Sola kan brått vere her igjen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar