lørdag, november 14, 2026

Dagbok 2026: 14.november



Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø.

For oss i familien har det vore ein litt spesiell dag i dag. For hadde Nils fått leve hadde han fylt 90 år i dag.Men slik gjekk det dessverre ikkje. Margrete skreiv ein fin tekst om far sin på Facebook. Solveig og nokre av familien hennar var på grava og tende lys. Eg har vore berre her heime, men tankane mine har vore mange stader. Eg vart kjend med Nils i 1958, då var eg 18 år, og sidan var det vi,heilt til han døde i 2018.

Solveig og Øystein, Håkon og sonen Amund  hadde vore i Volda-kyrkja der Amund hadde  spelt fele, og så hadde dei vore på Grava før dei kom hit. 

Øystein hadde ein stor jobb for meg i dag, han skulle få lys i alle lampane i gangen. Eg har gått i mørke ei tid no. Men så fekk eg att lyset i dei 4 lampane  så no ser eg lyst på det.

Eg ser at det plaskregnar ute, det er ikkje så kjekt, men betre enn snø og kulde.

Eg har nettopp lese heile Møre-Nytt, men resten av kvelden blir det vel strikketøy og TV. Eg synest der er lite som eg likar i TV-en. Det er vel fordi eg er gammal.

(Eg blir 87 i mars viss eg får leve).


                                   Solveig, Håkon og Amund

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 14.november

Klokka er no 17.40. temperaturen ute er+ 6grader C, det regnar, men takk og pris fordi det ikkje er snø. For oss i familien har det vore ein...