lørdag, oktober 31, 2026

Dagbok 2026: 31.oktober


Klokka er no ca 21. 00 ute er det bekmørkt og det regnar aldri så lite,temperaturen er ca 9 graderC

Dette vart ein spesiell dag, i alle fall for Svein, Margrete og meg.  Svein hadde fødselsdag, derfor vart det middag for oss tre på den indinske restauranten her i Ørsta. Vi fekk god mart som vanleg, vi i familien her er glade i indisk mat men sjeldan er vi berre 3 ved bordet. 

Men det som vart det aller kjekkaste for oss 3 i dag, var å få fare på kino i Volda.

Der fekk vi sjå filmen "Markens grøde" (Hamsun si bok) og det er den beste filmen eg har sett på mange, mange år. Eg veit ikkje om eg har sett nokon betre nokon gong...........Vi tre var heilt samde i at den var kjempebra.
Filmen lever i meg enno. Og så var det ein kjekk kinosal dei hadde laga til på "loftet" i det gamle kulturhuset, gode stolar var der også.

Margrete skulle handle litt på KiVI då vi kom tilbake til Ørsta. Eg trong ikkje så mykje, men kjøpte litt eg også.

Eg har hatt ein kjekk dag-og den filmen.........................................

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 31.oktober

Klokka er no ca 21. 00 ute er det bekmørkt og det regnar aldri så lite,temperaturen er ca 9 graderC Dette vart ein spesiell dag, i alle fall...