Klokka er no21.17, og det er mørkt ute, temperaturen er +8 grader C og det regnar, det har det gjort i heile dag -trur eg. Eg har ikkje vore lenger enn ut i garasjen og henta ved. Venstre foten mon har vore betre i dag, eg har no greidd å gå litt rundt i huset. Elles har eg strikka, som vanleg, no held eg på med 3. lesteparet sidan Solveig var her. Elles så har eg no selskap i TV-en. Den jhar stått på i heile dag, Eg sette over på YOU TUBE og då fekk eg reine konserten med Elvis og andre. Dei veit kva eg likar-og dei har god kontakt med PC-en min.
Eg laga meg skikkeleg middag i dag, hadde ikkje stort anna å ta meg til. Eg er no glad for at eg kan strikke i alle fall, men venstre handa er ikkje heilt påliteleg, det var den eg braut for to å sidan rett før jul.
Det er så bekmørkt ute, men oppe i gata er det lyst-frå husa og lys-stolpane.
No har eg ete kveldsmaten min, men eg kjem no ikkje til å legge meg så tidleg. det gjer eg aldri. Eg er aldri i seng før midnatt i alle fall. Håper på å bli betre i foten -og på betre ver.
Arbeidplassen min


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar