Klokka eg no 19.44, temperaturen ute er +10 graderC, det har regna så å seie i heile dag.Eg rekna med å vere her åleine heile dagen, men eg tok ein lite tur på butikken for å kjøpe litt mat, var ein tur ned i Vik også, skulle kjøpe nokre strikkepinnar og litt garn, men eg fekk ikkje tak i alt eg skulle ha.
Eg kokte graut til middag i dag, for å få brukt melka eg hadde kjøpt., Eg sette meg til å slappe av framfor TV-en og rekna ikkje med å få besøk i dag, men så kom Margrete og Svein,. Det var veldig kjekt, eg kokte kaffi, og dei hadde kjøpt med seg bakarvarer.- Og no fekk eg melding frå Einar om at han kjem innom i morgon. Eg er heldig som har så mange av "familien" i nærleiken. Men då eg sende melding til Erlend som bur i kjellaren i går, fekk eg til svar at han var i Oslo. Dei er der visst alle søskena.
Eg har ikkje gjort så mykje i dag, men det er no lov å slappe av innimellom. No skal eg legge opp eit nytt strikketøy, eg har som "jobb" å strikke ull-lestar til alle i familien som vil ha. På Pc-en står det no at vi skal få regnfulle dagar framover-og takk for det. Det er bekmørkt ute, så eg får ikkje ta bilde der-
Og så har eg godt selskap i TV-en så eg slepp å kjede meg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar