tirsdag, februar 23, 2016

Dagbok 2016: 23.februar


Klokka er 19.15, temperaturen er + 1 grad C og i dag har det snødd jamt. Ikkje skikkelig snø, men tungt, vått slaps. Nils måtte ut og mòke før middag, og det var nok litt tungt.

I dag venta vi besøk, så eg var oppteken med matlaging og borddekking etc.
Margrete kom med alle fire barna + Charlie. Frå Hareid kom Solveig og Olaug; der er ikkje så mange heime akkurat no, og Øystein skal ut og reise i morgon, så han valde å vere heime.
Vi vart 8 til bords, akkurat så mange som der er plass til rundt eitt bord. 
Menyen var spekemat med potetsalat og poteter m.m. Etterpå vart det rømmegraut og risengrynsgraut -fritt val. Det vart berre ein av gjestane som avstod frå rømmegrauten. "Feitetysdag" ei veke for seint.
Seinare drog eg fram julebakst frå frysaren, så eg vart no av med litt av den.
No har eg rydda opp etter "kalaset", og maskina har vaska opp.
Det er kjekt å ha besøk, og vi går aldri tomme for diskusjonstema. Synd at Rasmus -familien er så langt vekke-det er ikkje ofte vi kan treffe dei. Ingeborg reiser tilbake til Oslo komande torsdag.
Det er trasig vêr for dei som har ferie, men for dei som vil gå på ski er det sikkert betre når ein kjem opp i høgda . Vêret kan ein ikkje gjere noko med uansett.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...