søndag, februar 07, 2016

Dagbok 2016: 7.februar

Klokka er 17.00. temperaturen er + 7 grader C og det er skya opphaldsvêr. Eg var nettopp ut på altanen og tok bilda.
I dag hadde eg ein liten jobb å gjere; eg skulle skrive årsmelding for Pensjonistlaget, vi skal ha årsmøte komande onsdag. Mens eg skreiv tok Nils seg ein tur ut for å sjå etter båten . Eg rakk også å rydde litt i huset og lage remuladesaus mens han var vekke. I dag skulle vi ha steikt kolkjeft/ lysing til middag, med heimelaga remulade, noko som Nils er veldig glad i. 
Maten var god og vi et enorme mengder når vi har slik god fisk. Eg steiker den med skinnet på, slik at det blir godt brunt og sprøtt. Det er berre eitt aber: lukt av steikt fisk i huset i timesvis etterpå, ja, eg synes heile meg osar steikt fisk. Må vaske håret i løpet av dagen/kvelden!
Elles har eg begynt på ei ny bok, men har ikkje lese meir enn ei plate enno. Og så har eg strikka litt. Viss eg har nok trykksverte i hus, skal eg trykke opp årsmeldinga i løpet av kvelden.
Eg ser ikkje den norske serien "Mammon"-blir så lei av slike grå/svarte bilde. Vi har no farge-TV eigentleg. Men eg tek opp diverse program som eg har i bakhand, det er meir sosialt å sjå TV enn å lese når ein er to.
Nils har vore ut på tilbygget og rota i snøen slik at den skal smelte fortare, det skal visst bli kaldare på sikt.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 20. desember

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er 0 grader og det verken regnar eller snøar akkurat no. Sist natt kom det såpass mykje snø at det var...