Klokka er snart 18.00, temperaturen er +3 grader og kvar denne dagen har blitt av, veit ikkje eg. Dagane går som ein røyk anten ein gjer noko eller ikkje.
I dag har eg ikkje gjort stort, men vi måtte ein liten tur til Vik, mellom anna så måtte eg ha blekk til skrivaren-og då er det Clas Ohlson som får besøk.Nils hadde avtale med ei dame han skulle snakke med, og eg trefte ei anna som eg prata med.
Då vi kom heim kokte vi poteter og åt spekemat. Det blei ein liten bokpause før vi drakk kaffi.
Eg skreiv årsmelding til pensjonistlaget i går, men måtte flikke litt på den i dag, såpass eg fekk det inn på to sider. Fekk litt trøbbel fordi eg ville ha det inn på eitt ark, men skal ikkje gå i detaljar. No er alt i orden-men det tok litt tid.
Eg held på med ei bok som eg har planer om å lese ferdig i løpet av kvelden, og så har eg ein klesvask på gang. Merkeleg kor ein dag kan forsvinne utan at det hender noko særleg. Nils skal på møte i kveld-det er politikken som kallar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 21.oktober
Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funn...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar