lørdag, februar 13, 2016

Dagbok 2016: 13.februar


Klokka er snart 21.00, temperaturen ute er minus 6 grader C og vi har hatt ein fin dag med mykje sol.
Før vi for nedover i dag støvsuga eg teppegolva og rydda i huset, sidan det vart forsømt i går. Vi var innom Amfi og så gjekk vi ein tur i gågata utan at det skjedde så mykje der. På Amfi trefte vi mange kjende, som vanleg, og handla det vi trong for helga.
Til lunsj åt vi brødskiver med røykelaks, middag laga vi ikkje sidan vi hadde avtale med Margrete og kidsa.
Dei var på kino og såg filmen om Birkebeinarane, og etterpå møttest vi på Rosabella og åt to store pizza. Eirik kom ikkje, han hadde gløymt at vi skulle møtast og reist heim att.
Verken Margrete eller eg har så mykje til overs for gåver til all slags dagar, men kven var det som kom med gåve til mor si? Eg fekk to bøker, den eine hadde eg ønska meg på FB, den andre kjenner eg ikkje til, men reknar med at den er bra, for Margrete brukar å ha peiling på bøker. "Alt jeg ikke husker" er ein tittel som eg kunne ha laga sjølv. Pradoksalt nok sat eg og fortalde om slikt eg hugsar då vi var på Rosabella.Eg gler meg til å lese desse bøkene. Kjekt å lese på papir innimellom. Det går fortare enn å lese lydbøker, og som regel hugsar eg papirbøkene betre.
Elles må eg opplyse at i dag skriv eg bloggen på Windows 10. Det har gått bra så langt, men eg har nok ein lang veg å gå før eg blir fortruleg med det nye oppsettet.
Ønsker  ein fin Valentinsdag/morsdag for alle som er i ei eller begge gruppene. Ja, og så alle dei som er utanfor også.....

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...