søndag, februar 14, 2016

Dagbok 2016: 14.februar

Klokka ersnart halv åtte, temperaturen er minus 2 grader C. Det har vore fint vêr i dag også, særleg før middag. Nils gjekk ein tur opp i skogen, men eg er ikkje SÅ sprek. Eg las i boka mi og strikka litt.
Nils ville vi skulle ete middag på Kina-restauranten i Volda, det gjorde vi på morsdag i fjor også. Eg hadde tenkt å lage ein gryterett, men så hadde Nils misforstått og ikkje tatt opp kjøt frå frysaren.
Volda og Ørsta ligg ikkje langt frå kvarandre, men det er stor skilnad på dei to "byane"-det hugsar eg også frå den tida eg budde i Volda. I Ørsta er det mykje meir snø og kulde. Slik var det i dag også. Her i Ørsta er det store snødungar og høge brøytekantar, i Volda var det lite snø. Eg synest det er fint å sitte og sjå utover fjorden og på hamna når eg er der borte.
Vi åt altså middag der i dag, og til ei forandring bestilte vi "Dagens". Greitt nok. Etter at vi kom heim har eg lese i boka mi, og strikka litt. No skal eg begynne på 10.og nest siste plata.
I dag kom leigebuarane att frå Litauen. Og i morgon kjem vaskemaskina. Det ser eg fram til.






Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...