fredag, februar 12, 2016

Dagbok 2016: 12.februar

Klokka er 18.00, temperaturen er minus 1 grad og det er nesten klårt ute. No skal vi snart ha ein kaffikopp for det blir fullt program på TV.
Det har vore ein minnerik dag på mange måtar. Vi starta dagen med å gå i gravferd til ein mann som Nils vart kjend med den tida han jobba på Moldøen Canning i Måløy. Dei flytta til Ørsta om lag på samme tid som vi, og vi hadde mykje med kvarandre å gjere ei tid. Vi er til dømes fadrar på yngste jenta deira. Magnus har vore sjuk i fleire år og siste par åra har han vore på sjukeheim. Det var ei fin gravferd, sjølv om der ikkje var så veldig mykje folk. Og Knut Ose spela nydelig på fiolin attåt orgelet. Vi var med fram på gravplassen. Det var så fint der i dag, med kvit snø på marka og eit lett snødryss frå himmelen. Eg fekk som ei kjensle av å sjå ein film, med alle dei svartkledde menneska mot den kvite snøen. Det var Sæbøpresten, Espen, som forretta i dag.(Han er svigerson til Arne Ola)  Han er sjølv ein ivrig fiskar, så det vart ein del snakk om fisk.

Då vi kom heim tok eg eit par bilde, det var litt spesielt at det var sol og snødryss på same tid. 
Vi har samla eit lager av egg, så i dag laga eg pannekaker til to av seks egg. Ja, vi åt ikkje opp alt, så no tek vi resten til kaffimat. Nils har nettopp laga nydelig kaffi.

Men i mellomtida har det skjedd dramatiske ting. Eg sette på vaskemaskina før vi skulle "pause"-men då eg skulle ta ut kleda, hadde det ikkje skjedd noko. Hadde litt problem sist eg vaska også, så no dømde vi maskina til døden. Vi veit ikkje kor gammal ho er, men i alle fall godt over ti år. Eg var inn på nettet og sjekka litt, og sidan Elkjøp har ope til sju, rakk vi å kjøpe ny maskin i dag. Men vi får den ikkje før mandag. Litt dumt at eg har samla opp klede heile veka for å vaske i dag! Trudde det var lurt. Som alltid anbefalar seljaren ei maskin framfor dei andre, og som alltid kjøper vi det som blir anbefalt. Ingen stor risiko heller, for der er garanti på alt. I dag vart det altså Siemens Wash 1400, etter at eg hadde utfordra seljaren på alle tenkelege måtar eg kunne komme på.
Eigentleg skulle eg ha støvsuga i dag, men det rakk eg ikkje, så det får bli i morgon.
I morgon ettermiddag/kveld skal vi på Rosabella og ete pizza i lag med Margrete og ungane. Dei skal på kino først. Vi skal feire litt morsdag og Valentinsdag etc. Vi brukar å gå på Rosabella når det er musikal eller ballettshow etc. Men det passar ikkje denne gongen..


No på kvelden vart det veldig fint vêr med sol frå nesten klår himmel. Vil ønske alle ei fin helg anten de skal ut på ski eller sitte inne og sjå TV. Ja, same kva de finn på. Det er i alle fall godt at dagane er lengre og lysare. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...