torsdag, februar 11, 2016

Dagbok 2016: 11.februar

Klokka er ca 15.45, og sola skin som ho har gjort i heile dag. Temperaturen på baksida av huset er + 3 grader. No har ikkje eg vore ute for ei dør i dag heller, og grunnen kan kort og godt kallast dataproblem.
Eg sette meg til og skulle skrive referat i dag etter frokost, og då brukar eg alltid den stasjonære maskina sidan den er kopla til skrivaren. Men kvar var Windows Word? Eg fann ut at eg måtte ha sletta det ein dag eg sat og "rydda" på maskina. Så fekk eg den lyse(?) ideen at eg kunne legge inn Windows 10 når eg likevel var på glattisen. Det gjekk heilt fint det, men det tok si tid, så i mellomtida vaska eg bad og kjøkken. Men maskina var ikkje ferdig då eg var det, så eg tok like godt og skreiv på laptoppen og etter kvart fekk eg sendt det til meg sjølv og printa det ut. Puff!
Windows 10 virkar, og eg har funne att både mail, startsida og Facebook. Men det er noko som er vekke: BØKENE. No sat eg i går kveld og rippa to bøker og la dei inn på minnepenn til Solveig, men ikkje på min eigen MP3-spelar, så no rippar eg igjen. Heldigvis hadde eg ikkje levert tilbake bøkene. Nokre bøker gjekk tapt, men det går no an å få låne dei ein gong til.
Eg har fått sendt referatet til avisa, og bilde. Så håper eg alt går i boks.
Mens eg kava på hadde Nils koka ertersuppe som vi åt i 13-tida. Og no har eg tatt inn kleda som har hange ute heile veka-det var sentrifuga som slo seg vrang, for elles tørkar eg i trommelen. No må eg rippe vidare......

5 kommentarer:

solveig sa...

Det er lett å kopiere frå minnepenn til datamaskin ...

Besta sa...

Det er det sikkert, men bøkene dukka opp av seg sjølv etter nokre timar. Maskina treng vel tid for å få alt på plass ?

solveig sa...

OK. Då er problemet løyst!

Hildegard sa...

Kjekt at du har fått lagt inn Windows 10. Eg ordna det forrige laurdag, og det gjekk også greit, har grua meg litt på dette.. Ville vente til eg var ferdig med rekneskapen til Pensjonistlaget og årsmøtet. No har eg gått datakurs hjå Seniornett, og tykte det var litt flaut at eg ikkje hadde W10. Laptopen min er 5 år og fungerar framleis fint, men må ha tilkobla straumkabel. Har brukt denne pc-en mykje, så batteriet varer berre ein liten time. Dei fleste andre pensjonistar på kurset har nye maskiner med stor skjerm, men brukar dei lite sjølve, men kjekt med ein pc i huset til barnebarna...
Eidabesta

Besta sa...

Eg har nok litt att før W 10 er komplett, men naboen har lagt det inn, så eg får sikkert hjelp av han. Eg greier mykje sjølv-men det tek tid!
Vi har kutta ut batteriet på laptoppen for mange år sidan, men har eit vifteunderlag som Rasmus har kjøpt til oss. Vifta gjer at maskina ikkje blir overoppvarma. Eg vil ikkje legge inn W 10 på laptoppen før eg har fått den skikkelig til på den store datamaskina først. Nils kan ingen ting om dette, så det er opp til meg.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...