søndag, februar 28, 2016

Dagbok 2016: 28.februar


Klokka er no 16.45, temperaturen ute er + 3 grader C, og det er lettskya og fint. Også i dag stod vi opp til nysnø og kvit skog, men det varte ikkkje så lenge før sola kom fram. Vi såg den først i Dalsfjordfjella, og då såg vi eit håp. Det var ikkje heilt naudsynt, men Nils for over tunet i dag også. Seinare begynte han på storeverandaen, og den har ikkje vore moka sidan sist det var finevêr, så DER var snøen tung. Nils skar laus store terningar, seinare for eg ut og spadde mesteparten over rekkverket.Merkeleg med den ryggen min, bøye seg vil han ikkje, men toler at eg løfter tunge spadar med snø.(Elles så fekk eg no lese ferdig boka mi før middag.)


 Eg hadde tekt å lage ei gryte av oksekjøtt i dag, men så hadde eg ikkje gitt tydeleg nok beskjed til han som skulle finne kjøttet i frysaren,så han hadde ikkje tatt opp noko.
( Det er andre gongen det skjer). Han meinte vi kunne reise til Volda og ete kinamat,  eg hadde lita lyst, men bestemte meg for å joine han.
Sat og klussa med maskina i dag, kom til å slette begge bøkene eg rippa i går, så måtte gjere det om att i dag. Brukar å strikke mens eg rippar, og så skjer det at eg berre legg spøtet frå meg på golvet. Slik også i dag. Og så greier eg å trakke på ein strikkepinne slik at eg får den langt inn i foten og blodet sila. Det var ikkje så veldig vondt, og eg drog lett pinnen ut att og var snar å stige ned i croxane før det vart for mange blodflekkar på teppet. Det første eg tenkte på var Vanish ! Så fekk Nils lov å vaske fotenmed Pyrisept og ha på plaster.
Vi kjøpte yndlingsretten vår på Kina-restauranten i dag, og vi fekk store gode porsjonar. Og i dag var dama "vår" der, så Nils fekk dobbelt opp med ris. Kaffi laga han då vi var heime att.
Der er mindre snø i Volda enn her, men dei har også eit "horn" som skygger for sola, nemleg Rotsethornet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...