mandag, februar 29, 2016

Dagbok 2016: 29.februar

"Mange steder så man med en viss mistro til skuddårsdagen. Da trodde man at alt ville gå på tverke og at alt man foretok seg ville bli mislykket eller i alle fall motsatt av det vanlige. I et skuddår var det derfor tillatt for kvinner å fri til mennene; et avslag måtte imidlertid "betales" med en gave, som regel i form av hansker." ( Henta frå boka "Merkedager og gamle skikker".)
Starevegen.

             Postkassesttativet er ikkje heilt water lenger.
                                        Vallabøvegen.
Ja, så har vi snart brukt opp denne ekstra dagen som vi får fjerde kvart år. Og sidan eg ikkje har gjort noko særleg, har det heller ikkje gått så mykje på tverke. Det einaste er at eg er ikkje heilt god i hofta mi, så eg var kanskje litt for ivrig i snømòkings-prosessen i går. I dag har eg ikkje mòka snø, men Nils tømte altanen og pussa litt her og der, elles har han drege vedsekker frå tilbygget og opp i garasjen-på akebrett. Det gamle akebrettet frå ungane var små har jammen vore brukt til mykje-også i seinare tid.
I dag har det vore opplett, men ikkje heilt klår sol, og no blæs det litt ute. Temperaturen er berre + 2 grader.
Eg starta dagen med å farge håret. Eg skulle kanskje berre la det vere grått, men blir visst aldri heilt moden for det. Elles har eg strikka litt, vaska klede, rydda litt i vaskekjellaren og gått ein liten tur og tatt bilde i nærområdet. Timane går sjølv om ein ikkje gjer noko som helst. Eg stod på farten til å pusse stuevindua, men så kom eg på at det er meldt storm, og då er det ingen vits i det.
Til middag hadde vi siste porsjonen med fiskekaker frå frysaren; det minkar på fisken også. Nils går snart på veggane om han ikkje snart får fiske. Det har rett og slett ikkje vore vêr til å fare utpå med så liten båt som vår.
I morgon er det pensjonistmøte, dvs. Rotary og Inner Wheel inviterer pensjonistane på "fest", så vi i pensjonistlaget har ingen plikter, kjekt å få vere "fri"  på eitt møte for året. Dei kjem truleg frå avisa og lagar eit lite referat også. Det brukar å vere fryktelig mykje god mat på desse møte, så eg må visst utsette slankekuren enda ei stund.
I dag vart eg spurt om å lage ei skuffekake til eit kulturarrangement på kvinnedagen 8.mars. Og eg sa ja, til tross for at eg aldri lagar skuffekaker og ikkje synest det er noko godt. Men eg stoler på at einkvan tipsar meg om ei oppskrift.
Bilda mine er frå "turen" min i dag: Ut Starevegen, eit lite stykke opp i Storebakken, heim att Vallabøvegen.Synd at det ikkje vart kaldt då vi hadde snø på vegane også- då hadde eg fått brukt sparken min.
Starevegen-igjen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...