tirsdag, mars 01, 2016

Dagbok 2016: 1.mars

Klokka er 21.00. Temperaturen er + 4 grader; det har vore overskya, men opplett i dag. Nils reiste ut på Rjåneset før middag og såg etter båten, men han var ikkje utpå og fiska. 
Eg fekk gjort litt husarbeid mens han var vekke, blant anna  pussa eg vindua på utsida, og denne gongen trur eg dei vart bra. Eg har kjøpt meg ein nal som eg fekk prøve i dag.
Det vart spekemat til middag i dag sidan vi skulle på "fest" klokka 18.00. 
På Rotaryfestane er det overflod av god mat, nydelige smørbrød og bløtkaker. Der var ikkje så mykje underhaldning, men vi hadde det kjekt attmed bordet. Vi var 7 damer+ Nils attmed bordet vårt, og alle var godt kjende frå før.Det vart litt morsomt under utloddinga. Eg hadde berre pengar til tre lodd, Nils hadde litt meir, og han lånte også 100 kr til Eli som kjøpte lodd for pengane. Det var to av dei som sat ved bordet, som ikkje vann noko, men både Eli,Nils og Petra vann to gonger kvar. Brita, Hilde og eg vann ein gong kvar. Trur ikkje det var så mange gevinstar ved noko anna bord.Og eg som hadde berre tre lappar, to av dei med nr.01 på og ein med 02-vann på den eine 1-aren. På bildet over ser de mine gevinstar. Nils vann først ein kartong med kaffi, så eit par lestar og ein lyng. Det var ikkje dei heilt store gevinstane, men Eli vann eit par nydelige selbuvottar-fint strikka i skikkelig garn.
Marit sat på med oss både ned og opp att- det skulle berre mangle.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...