Klokka er snart halv sju, det er skya opphaldsvêr og + 2,4 grader C. Sola har gjort forsøk på å kome gjennom skydekket i dag , men har ikkje greidd det heilt. Uansett har det vore ein fin dag med temperatur opp i + 10 grader.
No har eg laga skuffekaker, ein slags krydderkake eg fann på nettet. Har aldri laga sånne reinhekla skuffekaker før. Sidan eg først hadde rota i hop ei, laga eg like godt ei til, rotet og oppvasken vart det same. Nr.2 står i omnen no. Grunnen til bakinga var at eg har lova å lage kake til 8.marsarrangementet. Håper der er nokon som likar krydderkake-EG likar det ikkje. Men det skulle vere kaker utan glasur og kliss, (No har eg teke nr.2 ut av omnen.)
Før middag var vi litt treige med å komme i gang med noko. For mitt vedkomande dreiar det seg mest om kvar eg skal begynne. I dag tømde eg bokhylla på stova, vaska hylla, og tørka støv av bøkene. Og så fekk eg systematisert bøkene i det eg sette dei på plass. Det vart ein del bøker til overs, som må settast på lageret. Dessverre vert bøker, særleg oppslagsbøker, fort forelda.
Etterpå tok vi ein tur på VØR med diverse hagestolar og solsenger som ikkje hang i hop lenger. Kjekt å få det vekk før våren og sommaren kjem.
Nils kokte lange til middag i dag, og etterpå vart det pause, kaffi og så baking, og dermed er denne dagen over i historia.
Rasmus og familien har vinterferie denne veka, dei er på hytta si.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 21.oktober
Klokka er no17.05, temperaturet ute er +14 graderC, det er skya men opplett. Det er ikkje slik at eg er heilt bra i foten, men eg har funn...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Slike kaker er alltid populære på t.d. Lærarrom ...
Ja, no har eg to! Veldig lettvint å lage.
Legg inn en kommentar