Klokka er ca 16.45, temperaturen er +4 grader, det er overskya og litt nedbør. Sist natt var det kuldegrader, men det er vel typisk mars-det er berre sola som manglar.
Nils og Matias hadde avtalt fisketur i dag, så vi var relativt tidleg oppe. Eg hadde lagt planer for kva eg skulle gjere når eg fekk huset for meg sjølv. Og eg var ikkje sein å komme i gang. Klokka 10.30 hadde eg vaska dei fleste veggane i stova, berre sofakroken og vindusveggen stod att. Men så skulle alle bilda tørkast av og hengast opp etc. Det tok si tid ! Og då kom Nils heim att. Dei hadde ikkje fått all verda med fisk, 2-3 seiar kvar og så hadde Nils fått to makrellar.
Før i tida vaska eg stoveveggane kvart år; sidan eg vart gammal har eg gått ned til annakvart. Og no vaskar eg med mopp på langt skaft. Det går heilt fint, og eg slepp å klatre. Eg vaskar med spesialsåpe som er med på å halde panelen lys, for vi er av dei få som ikkje har mala panelen vår. Fordi vi likar å ha det slik. Eg plar dele vaskinga både på tre og fire gonger, men i år blir det berre to, sidan eg har mykje mindre enn halvdelen att. Etter kvart som eg vaska, støvsuga eg teppet før møblane vart sette på plass. Dette er sikkert ikkje interessant for andre, men eg er glad for kvart år eg greier å vaske sjølv.
Nils har fyrt godt i omnen i tillegg til at varmepumpa er på, så her er ganske tropisk-varm og fuktig luft.
Eg måtte legge meg på Sofaen etter lunsj, eg verkte over alt, mest i hofta, men den verkte før eg vaska også.No har eg dusja og vaska håret og begynner å hente meg inn att. Nils vil koke fersk småsei til middag, og det skal han få lov til. Vi har brått mykje fisk i hus, og vi fekk i tillegg 5 sildar av ein mann som har vore med Nils og fiska somme tider.
"Intet kommer i en lukket hånd", brukte mamma å seie, og det gjeld i høgste grad for oss. Synest nesten vi får att meir enn vi (Nils) gir bort.
Matias er visst snart ferdig med vikariatet i Bremanger. Han er god for Nils å ha med seg, for han er sterk til å løfte og bere-det må Nils vere forsiktig med.
No trur eg klesvasken min er ferdigtørka, så får eg litt å legge i hop.Nils har begynt på middagen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 9.juli
Klokka er no 20.14,temperaturen ute er + 21 grader C og det har vore ein fin dag, i alle fall med tanke på veret. I dag har det vore somma...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar