mandag, februar 15, 2016

Bok nr.12 - 2016: Trilogien: Andvake, Olavs draumar og Kveldsværd


 Trilogien
Endeleg er Jon Fosses kritikarroste og lysande kjærleikstrilogi om Asle og Alida samla i ei bok. Andvake (2007) er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. Huslause og søvnlause vandrar dei i regnet i Bjørgvin. Dei drep for å skapa eit liv for seg sjølv og barnet dei ventar. I Olavs draumar (2012) møter vi Asle på veg for å skaffe ringar. Asle og Alida skal bli ektefolk. I staden endar Asle med å bøte med livet for gjerningane sine. I det siste bandet, Kveldsvævd (2014), får vi vite korleis det gjekk med paret som ofra samvitet for kjærleiken gjennom gamle Ales, dotter til Alida. Vi følgjer Alida og den vesle sonen Sigvald tilbake til Dylgja, staden Asle og Alida ein gong rømte frå.
 
Trilogien er eit meisterverk om to elskande som prøver å finne sin stad i verda.
.........................................................................
Eg har lese to bøker av Jon Fosse før, men det er nokre år sida. Forfattaren er meir enn ein gong blitt geniforklart, men eg har ikkje hatt heilt sansen for han. Mange har anbefalt meg å lese denne trilogien, og det har eg gjort i dag-begynte så vidt i går kveld. Eg har sjølvsagt lese den altfor fort, men teksten innbyr ikkje til å pause. Den er spennande, nesten på same måte som krim. Om eg blir Fosse-fan er eg ikkje heilt sikker på-det vil tida vise. Språket er veldig spesielt, for ikkje å snakke om teiknsettinga-heile sider utan punktum, blei nesten andpusten av å lese. Men veldig kjekt å få lese ei bok i mitt eige tempo, lydbøker er langsomme.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese Andvake. På førehand tridde eg det skulle bli vanskeleg å lese ein tekst omtrent utan teikn. Men så vart eg dradd inn i teksten og las den relativt fort.

Besta sa...

Eg trur at den måten å skrive på GJER at ein les fort. Eg vart heilt stressa til å begynne med.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...