tirsdag, februar 16, 2016

Dagbok 2016: 16. februar

Klokka er no 16.00. Temperaturen ute er + 4 grader C og det er overskya; har ikkje sett sola i dag. Det har heller ikkje vore nedbør, men iskald vind på andre sida av bygda - lunt her på Bøen.
Rett etter frokost shina eg opp kjøkkenet, som eg gjer kvar veke, og då blir det gjerne ei skuffe eller eit skap i same rennet. Det er slutt på den tida då heile kjøkkenet vart vaska ned på ein dag. Elles fekk eg vaska og tromla tre maskiner med klede i løpet av føremiddagen, lagt i hop og lagt på plass. Det var kjekt å få vaska i ny maskin. Meiner den må vere større enn dei vi har hatt før, og det kan kanskje vere meir økonomisk? Det var i alle fall mykje klede som vart vaska no.
Elles har dagen gått mykje opp i "tull". Nils bestemte seg for å gå til dokter med den vonde foten sin, han var ned på legesenteret, men kom heim att med beskjed om å kome att klokka 13.00.
Han kom ikkje inn til fastlegen, men til ein kvinneleg lege vi ikkje kjenner. Han fekk ikkje ny medisin, men skal ta dobbelt opp med Prednisolon i fem dagar. Så får vi håpe det hjelper. Det merkelege er at når han går i terreng er han heilt bra.Mens han var hos legen gjorde eg meg klar til ein handletur
Eg hadde ikkje kjøpt blomster til gravferda sist fredag, så eg kjøpte ein plante og var bort med i dag. Det var ærendet eg hadde, men det vart ein liten tur inn på Amfi også. Gjekk og lurte på kva vi skulle finne på til middag i dag, men så kom eg på at vi hadde julepølser (dampamòr) i frysaren. Der er ikkje mykje fiskeri for tida, så vi må tenkje litt nytt når det gjeld matlaging. I dag blir det sein middag - med pølser, poteter og kålrabi (rabbe).
Eg har ikkje kome lenger når det gjeld Windows 10, men eg brukar den som den er-maskina altså. Det som irriterer meg er at eg ikkje har fått til å stille skjermen skikkelig, så skjermbildet er for breidt i forhold til høgda.
Det hadde ikkje kome mykje snø sist natt, men i dag pløgde dei med snøfresar, slik at vegane vart breiare.(Bildet).

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...