onsdag, februar 17, 2016

Dagbok 2016: 17.februar

Klokka nærmar seg 18.00, temperaturen er + 4 grader C og det har vore regn og vind i dag. Nils var nedover ein tur, eg har halde meg inne. Ikkje har eg gjort noko særleg heller. Hadde ikkje noko spesielt på programmet, så eg har gått og smårydda litt etc. Tok meg ein liten tur ut på altanen og vaska det "grøvste" av vindua, så no ser vi ut i alle fall. Har ikkje pussa vindua skikkelig sidan lenge før jul. Anten er det for kaldt, eller det blæs eller regnar - eller så er det eitt eller anna anna som er i  vegen. For faktisk likar eg å vaske vindu!
Og så må eg innrømme ei stor synd: Eg begynte på ein kriminalroman i går som er VELDIG interessant og spennande. Så det har blitt ein del strikking med lydbok på øyret. Eg burde vel ikkje ha dårleg samvit, er no pensjonist og får same løna om eg ikkje "arbeider".
Vi har høyrt mange fly lande, men veit ikkje om Ingeborg har kome fram enno, ho skulle kome i dag/kveld.
Klokka 19.30 skal vi på Kulturhuset og oververe årets musikal frå musikklina på VVS. Det er siste året Eirik er med-det er litt vemodig, men vi får håpe andre følgjer etter i spora hans. Då tenkjer eg i første omgang på søskena.
Det kan hende eg skriv nokre ordseinare i kveld også. Elles er der mykje stoff om musikalen på nettet.
I dag hadde vi tidleg middag, med kokt lange på menyen.
Seinare:
No har vi vore og sett og høyrt årets musikal. Det er like imponerande kvart år-SÅ mange flinke ungdommar! Bildet over har eg scanna frå programmet, men det kjem sikkert mange fleire bilde på Facebook.
Dette bildet er frå 18-årsdagen til Ambjørg i 1958. I dag kan eg gratulere henne med 76-årsdagen.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...