tirsdag, februar 09, 2016
Dagbok 2016: 9.februar
Klokka er 17.00 og Nils held på å koke middag. Temperaturen er + 3,5 grader og vi har hatt ein lettskya fin dag. Sola har også vore framme.
Nils var låk i foten i dag, så då har han funne ut at det beste han då kan gjere er å gå ein tur, helst i terreng. Så det gjorde han før middag. Eg er ikkje flink å komme meg ut. I dag hadde eg sett meg i hovudet at eg skulle bake brød, og då slo eg like godt til med dobbel porsjon= 6 brød.
Derfor vart middagen utsett til seinare og vi unte oss lunsj med nysteikt brød.
Etter ei lita pause fann eg ut at eg kunne begynne å rydde i skuffer og skap. Det synest eg i grunnen er ganske kjekt. I dag tok eg føre meg mine eigene skuffer og skapt. Fekk kasta ein del, og fann att noko eg har leita etter lenge, det er det kjekkaste med rydding.
No er her veldig godt og varmt i stova sidan Nils har sett i gang med å brenne slikt som ikkje skal kastast i bosset, men "tilintetgjerast" på annan måte.
I morgon blir vi opptekne med pensjsonistmøtet nesten heile dagen, og fredag skal vi i gravferd. Han som er død jobba i lag med Nils både i Måløy og her i Ørsta. Vi er dessutan fadder på eine dottera hans. Han har vore sjuk lenge og i seinare tid har han budd på sjukeheimen. Det som er litt underleg når ein kjem opp i åra er at det er jamaldringane våre som døyr; før var det stort sett "gamle folk".
Eg har så vidt begynt på ei ny bok av Gillin Flynn, men eg kan ikkje sitte så mykje utan å få problem, så det blir vel mindre både med lesing og strikking. Har eit lestepar på gang som er nesten ferdig, og ein stor pose med lestegarn. Fleire i familien er avhengige av heimestrikka lestar, så eg håper eg kan vere til nytte ei stund til
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:21.august
Best å vere inne i dag. Klokka er no ca19.30 , temperaturen ute er +11 graderC, det er overskya og de...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar