Klokka har passert 18.00 og fredagskvelden nærmar seg. Det plar i alle fall bli nok TV den kvelden.
Ute er det opplett og + 5 grader-aldri så lite sol tidleg på dag.
I dag vart det ein skikkeleg "lapredag". Vi tok ein tur nedover for å handle utpå føremiddagen, det er om lag alt som har hendt i dag.
Vi var innom Europris og kjøpte diverse vaskemiddel i store mengder. Det blir billeg, og så har ein det ein treng i hus. Har planar om nedvask - viss helsa held.
Hadde eit ærend på Clas også, og så handla vi matvarer på Coop. I dag leita eg etter makaroni, men fann den til slutt. Kjøpte ein pakke lettkokte+ to pakkar spaghetti. Då eg kom heim såg eg at det var glutenfrie produkt. Så heretter lyt eg passe på å lese betre på pakkane. Men det skader vel ikkje å ete glutenfritt?
Vi fann middagsmat i frysarane og skapa i dag også. Gilde karbonadar med Toro saus, men heimelaga erterstuing. Eg saknar litt all den gode fisken vi plar ha. No blir det ikkje fisk fem dagar i veka slik vi er vande med.
Etter middag pausa vi før det vart kaffi. Dagane går som ein røyk anten ein vil eller ikkje.
Ønsker alle ei fin helg. Her i vårt distrikt er det vinterferie neste veke.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 9.september 2026
Klokka er no17.40, temperaturen ute er +13 grader, det er skya, med litt sol innimellom I dag har eg ikkje gjort mykje, for heile føremidd...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar