lørdag, februar 20, 2016

Dagbok 2016: 20.februar

Klokka går mot 19.00, temperaturen er + 2 grader C og i dag har vi hatt både regn, snø og vind. Ikkje rart at eg verkte både i hofta og kneet då eg stod opp. Giktvêr med andre ord, men det kom seg etter kvart. Eg har ikkje tatt bilde i dag heller.
I dag har eg vore relativt aktiv, ikkje nødvendigvis fysisk.
Starta dagen med å lage ein stor fiskegrateng, som eg reknar med skal vare i to dagar. Først kokte eg heile pakken med glutenfri makaroni, berre for å oppdage at eg hadde ferdigkokt vanleg makaroni i frysaren. Fiskegratengen blei vellykka, den beste eg har laga, seier Nils.( Kanskje på grunn av dei glutenfri?) Så raspa eg gulrøter. Mens gratengen stod i omnen felte eg av ein lest. Det var eigentleg eit kjedelig prosjekt; ny fot på gammalt brot, til meg sjølv.
Då fiskegratengen var ferdig steikt, tok vi ein tur på Amfi for å treffe folk og "frette" nytt. Vi treffer alltid folk vi kjenner, og no har alle sut for at Nils ikkje kjem seg på sjøen-på grunn av vêret. Det er snart tomt for fisk i frysaren, men det går no an å ete annan mat også. I morgon skal vi ete middag på Hareid, slik at vi får treffe Håkon før han reiser. tilbake til Oslo.
Etter at vi hadde ete oss stappmette på grateng "pausa" vi litt før det vart kaffi.
Mens Nils såg sport på TV las eg i papirboka eg fekk av Margrete. Den er litt utfordrande å lese, ikkje på grunn av innhald eller språk, men på grunn av den fragmentariske måten den er skriven på. Men eg likar slike utfordringar og har lese over 100 sider i dag.
Så har eg laga nesten heilt ferdig lista over tremenningane på Trovåg-sida. Eg har litt problem med å finne att alle dokumenta på Windows 10, men dette har eg greidd å lagre og finne att. Eg har ikkje gitt opp W 10 enno, men veit eigentleg ikkje om det er fordelar med det.
Eg har registrert at mine barn er snare til å påpeike rettskrivingsfeila mine. Det er vel fordi eg skryter av at eg kan skrive heilt korrekt. Eg sit ikkje med ordlista når eg skriv privat. Men berre hald fram å rette, eg lærer av det. No blir det vel mykje TV resten av kvelden-ikkje alt er like kjekt. Hadde eg vore åleine heime, hadde eg heller slått av og lese i bøkene mine.

2 kommentarer:

solveig sa...

I dag gler eg meg til Hver gang vi møtes!

Besta sa...

Vi har ikkje sett det enno. Vi har tatt det opp.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...