torsdag, februar 25, 2016

Dagbok 2016: 15.februar

Klokka er 18.00, og eg har nettopp vore ute og fotografert mòkaren, Temperaturen er + 1 grad og no regnar det nesten. Gjev det ville halde fram med det, regn slepp ein å mòke vekk. 
Her i Ørsta dreier alt seg om snø for tida, om mòking og pløying. Vi starta opp rett etter frokost, Nils tok tunet, eg tok trappa, altanen, veg ned til kjellaren, bilar etc. I grunnen synest eg det er ganske kjekt arbeid, det er berre det at eg kan ikkje halde på slik eg vil for ryggen sin del. Etter ei stund gjekk eg inn og shina opp kjøkkenet, la i hop klesvask m.m. 
Til middag hadde vi salta lange. Så var det pause ei stund, og mens vi drakk kaffi sat vi ved kjøkkenbordet og såg på naboane kor dei streva med å få vekk snøen. Det blir eit stadig større problem for alle å finne ein plass å legge den.
No har Nils vore ute og rydda tunet for andre gong i dag, mens eg strauk dei nyvaska kleda-med bok på øyret. Eg har det aldri kjedelig.
Ingeborg måtte reise til Vigra for å ta flyet derifrå i dag, for flyplassen her var stengd. Får håpe ho kjem vel fram. Såg vêrmeldingar på yr.no i dag, og såg at det var full sol på Kongsberg.......
Bilda tok eg klokka 18.00. Det var åt å bli skymt då, men eg lyste opp bilda på Picasa.
Har lagt ut mange bilde på Face i dag, for dei som vil sjå meir snø.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...