lørdag, mai 28, 2022

Dagbok 2022: 28.mai.



Klokka er no 18.10, temperaturen ute er + 10 grader. Det er regnbyer både titt og ofte - eg er lei av regnet no; vi har fått nok for ei stund. Og det er nokså mykje snø i fjella enno -vi skal no snart begynne på juni, som har vore den varmaste månaden siste åra.

I dag har det vore ein lat dag, eg vakna sjølvsagt tidleg men la meg nedpå att etter å ha gått eit par runder rundt i huset for å bli litt betre i kroppen.

Etter frokost vart det litt TV etc, og så tok eg ein runde på butikken litt før klokka 12. På den tida er det lite folk i butikken. Det var ikkje så mykje eg skulle ha, men likar å fare på butikk om laurdagane så eg ikkje skal tru det er sundag- men det trudde eg likevel i dag. Og trur det framleis.

Eg laga meg skikkeleg middag i dag. Eg hadde ferdig-grilla kyllinglår i frysen, så det var berre å tine, koke ris og så laga eg jordnøttsaus til. Det vart godt. Ein gong vi var i Sverige kjøpte vi kylling på ein "kiosk". og den var god. Eg såg etter kva sausen heitte, og fann oppskrift på nettet. Det var lenge sidan eg hadde laga slik saus no, men den vart god. 

Det blei ei lita pause før Marit kom ned, slik vi hadde avtalt, og merkeleg nok hadde vi mykje å snakke om i dag også. Ho er åleine heime denne helga -så då kunne vi halde kvarandre med selskap.

Komande veke blir det litt av kvart. Tysdag og torsdag er det trening og onsdagen er det pensjonistmøte. Denne gongen skal vi halde til på "Fru Svendsen". Det er litt rart å ikkje ha ansvar for noko, og eg skal innrømme at eg synest det er godt. Då kan eg sitte i lag med kven eg vil og slepp å notere noko som helst.

Men det eg håper på no er at det skal bli opplett så eg får klippe alle plenstykka mine, for graset veks ganske fort. Eg har no gjødsla godt i år. Det er vel ingen som leiger ut geiter? Nesten gale at så mykje god dyremat skal hamne på VØR. Men det blir vel kompostert til slutt. Eg har nok kompost i hagen min, eg vil helst ikkje ha meir.

I morgon fyller Amanda 22 år. Det året eg vart 22, vart eg ferdig på lærarskulen, og utpå sommaren gifta vi oss, Nils og eg. Det er snart 60 år sidan. 

Ingen kommentarer: