tirsdag, mai 17, 2022

Dagbok 2022 -17.mai.


Klokka er no 18.15,temperaturen ute på trappa er + 19 grader, tidlegare i dag var det meir enn 20 varmegrader. Ein nydeleg 17. mai etter å ha vore snytt for feiringa i to år. For tre år sidan var det også nydeleg vêr.

Eg hadde tenkt å halde meg i ro heime åleine i dag, men slik vart det ikkje.

I går kveld fekk eg melding frå Einar om at han og Audun ville kome ein tur i dag. Eg hadde ikkje så mykje spennande mat i huset, men eit kvart kunne eg no servere.(Husmødre tenker alltid på mat.)

I dag tidleg var eg ute og hengde opp flagget då eg vakna klokka 5. Men eg la meg inn på senga og sov vidare eit par timar. Etter at eg hadde ete frokost og sett serien min på TV, farga eg håret  og dusja.

Eg sat ei stund oppe hos Marit på solbenken og prata ei stund, før eg gjekk ned att og laga ei vaffelrøre, det er likson det eg tyr til når eg ikkje har noko anna spennande. Gutane kom som planlagt og vi åt vaflar og bollar og is. Margrete ringde og sa at ho ville ta av sitteplassar til oss i Laguneparken der det skulle vere"folkefest" i 16-tida. Det er nokre år sidan eg har vore i Vik 17.mai, men eg kan ikkje tru der har vore så mykje folk nokon gong før. Og vi måtte køyre ei heil runde for å få sett frå oss bilen. Vi fann Margrete og Svein i Laguneparken (bildet) og alle fekk sitte utan Audun, men han kunne godt stå ei stund og glitre i den fine uniforma si.

Der var mykje underhaldning frå scena, både korps, to songkor, tale og så kom høgdepunktet (for oss) til slutt. Det var Erlend og tre andre gutar som spelte og song, Beatles-låtar og anna. Det er Erlend som snakkar og presenterer låtane, han har ikkje problem med å ta ordet. Alle som viste seg på scena fekk applaus og det såg ut til at alle i publikum  kosa seg.

Margrete køyrde meg heim, for Einar og Audun måtte fare først, for Audun skulle reise til Oslo igjen i dag. Og Margrete skulle køyre Erlend tilbake til Volda, så dei måtte berre fare.

Då eg kom heim , fann eg ut at eg ville gå ein tur på Vernet for eg hadde ikkje fått så mykje trim i dag. Fint der oppe i dag- og frisk vind som vanleg. På murdelen av Vernet er det flagg på annankvar gjerdestolpe, i dag talde eg flagga og kom til 103. Då rekna eg ikkje med dei som stod på brua.
 




Eg skulle ha tatt bilde i Vik i dag, men eg stoler på at Margrete filma dei musikalske gutane. Det vart i alle fall ein fin dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...