onsdag, mai 11, 2022

Dagbok 2022: 11. mai



Klokka er no  17.08, temperaturen ute  er + 13 grader. Det var regn før i dag, så har vi hatt ei stund med opplett, men no er ei regnbyge på veg att. Det er heilt greitt for no har eg hatt utover nesten all gjødselen eg kjøpte, og då gjer det godt med væte.

På føremiddagen regna det så mykje at eg ikkje kunne gå ut og gjere det eg hadde tenkt, men eg hadde litt å styre med inne. Mellom anna så tok eg og gjorde heilt ferdig genseren som eg har strikka, vaska den og la den til tørk. Det var sånn litt finmotorisk arbeid som stod att til slutt og det er ikkje mi sterke side. 

Til middag i dag hadde eg att eit par pannekaker frå i går - så fann eg litt dessert i frysaren-og så hadde eg ein kaffikopp til. Ein kan no ikkje leve like godt kvar dag.

Då det letta opp gjekk eg ut og begynte å gjødsle. Eg hadde tre sekker med gjødsel, eg har brukt 2,5, let det vere litt att som eg kan bruke viss det blir prekært ein eller annan stad. I fjor gjødsla eg med to sekker-det er for lite, mosen trivst så altfor godt og då blir det tungt å klippe.

Eg skulle absolutt ha tatt opp fleire løvetann-plantar, men ryggen spelar ikkje heilt på lag; eg må ha stolar ståande så eg kan sette meg ned innimellom. Eg kan ikkje syte og klage for alt, det er mykje som følgjer med alderen-og eg har det no ikkje så verst. I morgon er det trening igjen, og vi skal handle på Spar. Marit er flink å passe på tilbod og slikt, eg kjøper det eg treng .og av og til det eg har lyst på. Eigentleg ville vi helst ha handla på Co-op, men då må vi til Furene i Volda. Eg er litt sur for at mange Ørsta-butikkar har hamna der. No skein det litt opp igjen, regnet kom ikkje no, men på skjermen framfor meg, står det "Regn kommer"og då gjer det vel det

Eg kom til å tenke på Bjørg Kragset i dag. 11. mai var fødselsdagen hennar. Ho hadde blitt 82 år i dag om ho hadde fått leve. 

Epletreet står klart til blomstring, men når eg får ein kvan til å hjelpe meg, må det klippast tilbake-  men først skal det blomstre !

Sidan eg sat så mykje i ro på føremiddagen, vart eg låk i venstre foten, men no lurer eg på om eg skal gå ein tur.

PS: Det blei ingen tur for eg fekk besøk av ein nabo.

Det kom regn på gjødselen min, slik eg hadde planlagt, og regnbyer skal det bli fleire av. 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...