lørdag, mai 21, 2022

Dagbok 2022: 21.mai


 Klokka er no 18.00, temperaturen ute er + 12 grader C. Det er overskya og det har regna i dag, men akkurat no er det opplett, eller i alle fall nesten. Eg kom akkurat att frå ein tur på Vernet. I dag har eg vore plaga med sundagskjensle heile dagen enda eg har vore på butikk. Det er litt irriterande.

Eg hadde ingen plan for dagen og då brukar det ikkje bli så mykje "gjort" heller. Veret får ta litt av skulda for at eg ikkje har fått gjort noko ute. Eg vakna klokka 6 i dag og fekk ikkje til å sove lenger, for eg verkte der eg plar verke, men eg låg no i ro ei stund og høyrde lydbok før eg stod opp. Eg hadde berre ein ting på programmet i dag og det var at eg skulle på KIWI og handle, men eg venta no ei stund før eg fór. 

Marit skulle fram på gravplassen og plante i dag og eg såg at ho for. Så etter at eg hadde handla køyrde eg fram og såg om ho var der enno. Det var ho ikkje. Men eg synest det er fælt å sjå korleis der ser ut, berre løvetann og gammalt lauv og ikkje stelt i det heile tatt. Parkvesenet som har ansvaret rekk ikkje over alt dei skal passe på. Eg kunne godt ha tenkt meg å tatt opp ca. 100 løvetannrøter viss andre kunne gjere det samme, det er utruleg mykje løvetann i år, har aldri sett det så gult før. Eg har rensa opp på tomta mi, men det kjem kvar dag nye.

Eg hadde kjøpt meg ferdiggrilla kyllinglår som eg  hadde middag, og det smakte veldig godt . Eg kokte rikeleg ris til, og då eg var ferdig med middagen, tømte eg berre melk opp i risen og let plata stå på 1. Det hadde blitt heilt fin graut om eg ikkje hadde sovna framfor TV-en, og det gjekk litt for lang tid. Likevel var ikkje grauten øydelagd, for det hadde laga seg ei brun skorpe i botnen, og oppå der var grauten heilt grei. Den blir nok brukt å ein eller annan måte, for eg likar ikkje å kaste mat, så det unngår eg - stort sett.

Eg hadde eigentleg så smått tenkt meg bort på Plantasjen i dag, men eg kan no like godt vente til i morgon, då er det mindre trafikk. Marit blir kanskje med då.

Det var så fint å gå tur i dag, og det er så friskt og grønt alle stader. Vikelva gjekk stor og kvit og eg tenkte på KWH, men den skaffar oss no drikkevatn, så vi får vere nøgde med det.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...