onsdag, mai 25, 2022

Dagbok 2022: 25.mai


Klokka er no 18.24, temperaturen ute er + 17 grader, det er skya, men fint likevel .

Eg har halde på med hagearbeid ei stund, men no er det pause.

I dag hadde eg ein post på programmet, og det var å handle. Marit ville vere med, så vi handla på KIWI. Eg lurer av og til på kven som et og drikk alt eg kjem heim med, for eg er her stort sett åleine.

For å gjere noko nyttig, tok eg og laga ei gulrotkake; eg har ikkje hatt glasur på , men eg har ingrediensane. Til middag i dag vart det grønsaker med fetaost, det har eg minst ein gong i veka. Eg et meg mett, men ein blir fort svolten igjen når ein et slik mat utan brød til.

Eg slappa av litt etter middagen, og så gjekk eg ut og begynte på hagearbeidet. Sekkane med bork var tunge, men eg greidde no på ein måte å ha utover to sekker med bork .Der var såpass med duk at det gjekk an.

Men då eg kom bort til rododendronane måtte eg stoppe opp. Der er den store grana som eg vil ha vekk. Eg vil plante fleire rododendron der, for Sissel lærte meg at ein skulle ha grannåler i molda når ein planta dei. Eg seier at eg vil ha vekk grana, men då seier naboane at den er spå fin. Men dei ser ikkje alle dei brune nålene. Treet er så stort no at det må ei redige motorsag til og helst eit par sterke menn. Eg får sjå om eg finn nokon slike.

Etter at eg hadde hatt utover to sekker med bork, reinska eg litt opp i beddet nedafor, og så har eg klipt gras og ugras rundt busker og andre plantar. Eg har ein stol innan rekkevidde som eg sit og kviler ryggen i - innimellom. Hittil har det gått bra. Tenkte å få gjort mest mulig i dag , sidan det er helg i morgon, og så vil eg ha mest mulig med meg når eg skal på VØR fredag.

Eg blir svolten av å halde på å jobbe ute, så no skal eg eg lage ein kopp kaffi med noko attåt. Eg går ut frå at lærarane i familien er fri fredag også? Helgedagar er mykje kjekkare når ein er i arbeid. No har eg fri kvar dag.

GOD HELG !


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...