tirsdag, februar 16, 2010

Bok nr.10- 2010: Himmelen over Shetland.

No  har eg endelig lese ut boka til Øystein.Den er ikkje tung eller på nokon måte vanskelig å lese, det er berre det at eg har visse vanskar med det skrivne ord på grunn av ei plage med eine auget. (Det er derfor eg les så mange lydbøker!)
Eg var om lag to veker gammal då tyskerane hærtok Norge, og fem år gammal då krigen var slutt. Eg hugsar godt dei tyske soldatane som marsjerte forbi huset der vi budde, kvar dag. Men elles var det nok ikkje mykje eg forstod. Eg hugsar også fredsdagen då besten heiste flagget på Geilemyra i Innvik, der vi budde då.
Eg trur at vi som var så små under og etter krigen er den aldersgruppa som veit minst om det som hende.Heime vart det ikkje snakka så mykje om krigen, ikkje med oss barna. Og skulebøkene våre hadde heller ikkje så mykje krigshistorie Eg har ikkje tal på alle dei "heltefilmane" eg har sett frå krigen, så trangen til å lese krigslitteratur har vore heller liten.
Men det er viktig at desse historiene om "vanlege" folk som risikerte liv og helse for fedrelandet vert skrivne, mens det enno finst dei som kan fortelle.
Boka til Øystein er særlig interessant for oss sidan fleire av slekta til Nils er med i historiene. Folk som eg også kjenner/kjende.
Mange har lagt merke til det fine omslaget på boka, og spør kven mannen er. Han heiter Per Dimmen og er frå Ulstein, men budde i mange år i gata rett nedanfor oss og arbeidde på Rådhuset i Ørsta. No bur han i Ulsteinvik. Under krigen jobba han på kontor i London; han kunne ikkje vere med i "striden" fordi han halta.
Eg vil ikkje kome med "kritikk" av boka, berre oppmode folk til å lese den sjølve.
Eg synest Øystein har gjort eit godt og viktig arbeid med å skrive denne historia.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Eg kjenner Per Dimmen. Vi var i lag i politikken ein gong. Ikkje på same parti rett nok.
Denne boka må vi nok skaffe oss.
Der kan vere mykje kjent stoff.

Hildegard sa...

Besten her i huset er imponert over boka. Eg skal lese den snart, likar best å lese i dagslys, gjerne når eg sit ute. Dagslyset er betre enn nokon leselampe.
Eidabesta

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...