tirsdag, februar 16, 2010

Vermelding 16.februar 2010.

I dag er det lettskya og litt sol. Det er fint ver.Temperaturen er ca 3-4 minusgrader.Nils har grave fram båtvogna, og Even hjelper til med å dra den opp.Det er somme som er optimistar.
På bildet under kan de sjå den snøhaugen som Nils har moka ned mellom garasjen og huset. Skal tru kva tid den tinar?

Så kom eg ut på trappa ei lita stund etterpå, og då var både vogna og båten på plass på tunet.
Så no spørs det om det blir fiskever?


1 kommentar:

Hildegard sa...

Litt av ein jobb! Trur du må spandere ein car-port eller forlenge garasjen, han blir ikkje yngre med åra, veit du.
Vi kosar oss med seien vi fekk av han i romjula, prøver å varier: seibiff m/løk, seigryte(bitar i herm tomat m.m.) nydeleg - reine bacalaoen, og seikarbonader.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...