tirsdag, desember 06, 2011

Vermelding 6.desember - 2011

Klokka har passert 13.00, temperaturen ute er 0 grader C og det er nydelig ver. Slike fineversdagar skulle ein sjølvsagt nytta til uteliv, men eg hadde lagt andre planar for dagen, som ikkje kunne endrast.
Har steikt opp kilovis med kjøt i dag og kokt halvferdig Stroganoffgryta som vi skal ha 2. juledag. Når eg var så godt i sving, laga eg også ei rund formkake som Margrete brukar å få til jul kvart år. Sidan ho likte den så godt før. Har ikkje spurt om ho likar den enno........
Nils har vore av stad og kjøpt kjettingar til snøfresaren, og så har han vore ute og sett etter båten.
I morgon er det møte i pensjonistlaget - med juletallerken, så då går heile dagen for oss som er i styret, for vi skal dekke og pynte borda på føremiddagen, og så tek møtet til klokka 16.00.
Går ut frå at dei fleste har lese om ulykkene som eg stelte i stand i går? (På FB) Benkeplata på kjøkkenet fekk ein liten skade i hjørnet, der vatn hadde trengt ned i sponplata under belegget. Einaste sponplata som er i denne kjøkkeninnreiinga.
I dag kan vi gratulere Roger på Eid med 50-årsdagen. Det er litt rart for oss eldre når den yngre garde når denne milepelen.
Rannveig På Stårheim har også fødselsdag i dag, og vi gratulerer.
Minste jenta i heile gata fyller i dag 1 år. Vi gratulerer Mari Ella!

3 kommentarer:

arieldog sa...

Ho likar den veldig godt enno :)

Besta sa...

Det er bra, så får du ei i år også.Det skal berre få litt gllasur, så er den klar.

Elin sa...

Du er ei veldig god mor og bestemor! Jostein og eg var på middag med Roger og Audny i går, svigersonen køyrde meg til Anda, på Lote henta Svein meg, og så kom Jostein etter jobb. Det var veldig kjekt for meg no eg har gått glipp av fleire familiesamkome.
Vi må kjøpe ny komfyr og nytt salongbord, ikkje meir glasbord her i huset, det er andre gong vi har hatt sjokkerande eksplosjon... Jaja, ein sparer litt pengar på å gå heime, viss ein berre ikkje er for slepphendte med netthandel! Den galeien trur eg ikkje du er begynt på?
Lukke til med pensjonist-festen, så heldige dei er som har ei så driftig dame i styret!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...