søndag, desember 04, 2011

Vermelding 4.desember - 2011

Klokka er snart 13.30, temperaturen ute er + 2 grader C; det er litt snø og det blæs, noko som er relativt sjeldan her. Ein ting er positivt med dette veret; det blir lysare både ute og inne og vi slepp å føle at det er mørkt døgnet rundt.
Eg har brukt føremiddagen til å steike krumkaker, den einaste årvisse juletradisjonen min. Eg steiker både til meg og Margrete, det går for det samme. Eg skal ikkje ha så mykje. I fjor løyvde eg nesten ein heil boks, som eg utpå sommaren knuste og hadde ned i brøddeigar. Likar ikkje å kaste mat.
Det finst eit utal av oppskrifter på krumkaker, men eg hugsar at mamma brukte ei oppskrift med potetmjøl.Brukar ein litt potetmjøl i tillegg til kveitemjølet blir kakene sterkare og toler transport betre.
Eg har funne ein forholdsvis liten porsjon, som eg dobla i dag.Desse kakene blir litt hardare enn vanlige krumkaker, derfor kan denne røra egne seg godt om ein vil lage "skåler".
                                                                Krumkaker.
3 egg 
1dl sukker
100 gram smelta margarin
2 dl kveitemjøl
1 dl potetmjøl
1 ts vaniljesukker
3-4 ss vatn

Pisk eggedosis av sukker og egg.
Ha i smelta margarin, vaniljesukker og vatn.
I dag brukte eg ekte vanilesukker. (I mange oppskrifter brukar ein kardemomme. Det gjer ein sjølvsagt som ein vil med). Eg synest steikinga går lettare om eg let røra stå 15-20 min. før eg begynner å steike.
Av denne porsjonen blir det ca 30 kaker.
No skal vi snart ete middag. På menyen i dag står resten av suppa frå i går. Til dessert blir det mislykka krumkaker og kaffi.Håper at alle har høve til litt kos i adventstida.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg gjer det veldig enkelt med krumkaker, oppskrifta vert omtalt som eggenes vekt. Men dei står seg ikkje så lenge, så det er det siste eg bakar.

Besta sa...

Eggenes vekt er den mest vanlige og den eg brukte i alle år. Dei er betre enn dei eg lagar no.
At eg lagar desse med potetmjøl, er berre fordi dei er lettare å frakte.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...