søndag, desember 11, 2011

Vermelding 11.desember 2010

Klokka slo akkurat tre (15.00), og vi er nettopp komne heim frå tur. Ute er det overskya, + 2 grader og opphaldsver. Ikkje så fint som i går, men greitt nok.
I dag fann eg ut at det hadde vore kjekt å ha litt eine å pynte med til jul. Oppe i skogen her er ein del snø, så vi tenkte at vi kunne fare ut på Rjåneset, for der er nesten bert. Det stemte nok, men eit aber var det, vegen var dekt av blankis. Vi køyrde heilt bort til hyttene, sidan vi ikkje greidde å fote oss, og kom oss på ein måte ut på stigen.
Lions Club i Ørsta har nemlig laga ein kjempefin asfaltert stig utover langs sjøen, slik at dei som ikkje er så spreke også kan få kome seg fram. Ein kan køyre rullestol der og. Det er dessutan laga fiskebrygger fleire stader, som dei handikappa kan bruke. Det er sett ut bord og benkar langs ruta. Dette hadde eg tenkt å ta bilde av i dag, men fotoapparatet låg att i bilen, og det var for glatt til å springe tilbake å hente det.
Vi fekk tak i eine, så dermed vart det ikkje bomtur. Hensikta var no eigentlig å komme seg ut litt, men eg er så håplaus med det at eg alltid må ha eit ærend.

Det var ganske stilt på sjøen då vi kom ut, og hadde Nils vore åleine, hadde det vel blitt ein fisketur. Då vi skulle fare heim , var det litt meir vind, så då var det ikkje SÅ fristande lenger. No har Nils varma opp ein gryterett som vi skal ha til middag.Greitt å få vekk desse restane som ein er så lure at ein frys ned.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...