søndag, desember 18, 2011

Bok nr.69: Maya

Isabell Allende skuffar sjeldan tilhengerane sine, heller ikkje denne gongen. Det som er annleis med denne boka enn dei eg har lese før, er at hendingane er lagt til vår tid.
Den  19 år gamle Maya er "forvist" til ei øy utanfor kysten av Chile.Ho er nemlig trua av amerikanske forbrytarar som vil ha tak i henne. Bestemora, som har sendt henne til denne øya, har sagt at ho sikkert kjem til å kjede seg der, så ho å ta med seg skrivesaker, slik at ho har noko å fordrive tida med. Og Maya skriv ned historia si, men går ikkje god for at ho held seg heilt til sanninga. Ho har såleis forteljestemma gjennom heile boka. Ho fortel om opphavet sitt, om foreldre og besteforeldre og den store sorga som fekk henne til å miste fotfeste og hamne på skråplanet.
Vil ikke fortelje så mykje om handlinga i boka, for dette er ei bok som mange kjem til å lese. Eg har sjølvsagt lese lydbokversjonen, og Heidi Gjerdmundsen Broch gjer ein god jobb. Ho har ei ung og livlig stemme som kler Maya.
Elles er her eit "bakteppe"  av historie, politikk, miljø-og samfunnsskildringar - ei mangfaldig bok, slik vi er vant til å få frå denne forfattaren. Ei relativt enkel historie som kanskje ville verka som ein klisjé- om den ikkje hadde vore så meisterlig fortalt.
Det er mykje å lese om boka på nettet. Men les den heller sjølv.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...