mandag, desember 19, 2011

Smør til jul

Det er ikkje smørkrise i heimen. For det første bakar eg ikkje noko som eg treng å ha smør i, og for det andre så HAR eg smør-ekte Tine smør, kjøpt heilt lovlig på Coop. Det einaste eg mangla var litt usalta smør til ein sjokoladeglasur. Men så var det slik at eg hadde ein lite pakke fløyte som var utgått på dato, og då blei freistinga for stor. No skal det seiast at eg har ei viss erfaring med kinning av smør frå den tida eg budde på ein gard i Sunnfjord og kinna kvar mandag. Det vanlige når ein lagar "bondesmør" er å kinne av sur fløyte dvs seterrømme.Rømmen bør stå i romtemperatur. Det smøret blir utrulig godt. Det som overraska meg då eg kinna med handmiksaren i dag, var at det blei så mykje smør.Eg vog smøret, det var 130 gram av 1/3 liter fløyte Har  smakt på det og det smakte heilt normalt.
Elles ser de at når eg tek bilde inne i lampelys, blir bilda ofte veldig gule. Har nokon eit godt råd for å unngå det?

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg skal tilstå at eg har sikra meg fløyte til jul, i alle fall til riskrem og karamellpudding m.m. Verre å vere utan det enn smør.
Eg hadde heller ikkje trudd det vart så mykje smør av ein pakke fløyte.

Besta sa...

Såg på fløyte i dag, men datoen var 23.12, så eg kjøpte ikkje. Elles har eg vanlig meierismør i hus+ setersmør+ Bremykt+ flytande Bremykt + heimekinna smør.

Hildegard sa...

http://www.tine.no/produkter/smor/11513.cms?kviteseidsmor
Det vart ein ivrig smørdiskusjon i bursdagen på Os i går, og då kunne Audny fortelje at ho skal ned til Setesdal rett etter nyttår og ha kvalitets-revisjon i meieriet som lagar Kviteseidsmør, så no har vi bedt henne ta med nokre kilo til oss...
Eidabesta

Besta sa...

Eg elskar Kvitseidsmør til kokt fisk. Det er nok litt for salt til anna bruk.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...