Det er ikkje smørkrise i heimen. For det første bakar eg ikkje noko som eg treng å ha smør i, og for det andre så HAR eg smør-ekte Tine smør, kjøpt heilt lovlig på Coop. Det einaste eg mangla var litt usalta smør til ein sjokoladeglasur. Men så var det slik at eg hadde ein lite pakke fløyte som var utgått på dato, og då blei freistinga for stor. No skal det seiast at eg har ei viss erfaring med kinning av smør frå den tida eg budde på ein gard i Sunnfjord og kinna kvar mandag. Det vanlige når ein lagar "bondesmør" er å kinne av sur fløyte dvs seterrømme.Rømmen bør stå i romtemperatur. Det smøret blir utrulig godt. Det som overraska meg då eg kinna med handmiksaren i dag, var at det blei så mykje smør.Eg vog smøret, det var 130 gram av 1/3 liter fløyte Har smakt på det og det smakte heilt normalt.
Elles ser de at når eg tek bilde inne i lampelys, blir bilda ofte veldig gule. Har nokon eit godt råd for å unngå det?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22. september
Utsikt frå trappa-mot vest Klokka er no 18.15,temperaturen ute er + 13 graderC og det er overskya,men vi har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
4 kommentarer:
Eg skal tilstå at eg har sikra meg fløyte til jul, i alle fall til riskrem og karamellpudding m.m. Verre å vere utan det enn smør.
Eg hadde heller ikkje trudd det vart så mykje smør av ein pakke fløyte.
Såg på fløyte i dag, men datoen var 23.12, så eg kjøpte ikkje. Elles har eg vanlig meierismør i hus+ setersmør+ Bremykt+ flytande Bremykt + heimekinna smør.
http://www.tine.no/produkter/smor/11513.cms?kviteseidsmor
Det vart ein ivrig smørdiskusjon i bursdagen på Os i går, og då kunne Audny fortelje at ho skal ned til Setesdal rett etter nyttår og ha kvalitets-revisjon i meieriet som lagar Kviteseidsmør, så no har vi bedt henne ta med nokre kilo til oss...
Eidabesta
Eg elskar Kvitseidsmør til kokt fisk. Det er nok litt for salt til anna bruk.
Legg inn en kommentar