tirsdag, desember 13, 2011

Vermelding 13.desember - 2011

Klokka har passert halv fire; det skymest og temperaturen ute er +6 grader.
Faktisk er det opplett og litt vind dag, og eg ser i klår himmel over fjella i sør-vest.
I dag var tunet heilt nede-isa, men Nils spanderte litt sand og strødde stigar der ein gjekk trygt. På hovudvegane var det andre som hadde strødd rikelig med sand, så det var inga sak å ta seg fram.
I dag var vi ein liten tur til Volda, og på vegen bortover var vi innom Coop i Furene, der dei hadde smør, både Tine og ein franskspråklig sort. Kva eg valde forstår de sikkert. Men eg tok berre to pakkar. Usalta hadde dei ikkje, men eg fann usalta margarin, så no er eg i tvende sinn: Kva skal eg bruke i den mykje omtala sjokoladeglasuren? Kanskje endar eg opp med 50-50 %.
Vi kjøpte litt julegåver i Volda og litt i Ørsta, så no trur eg at eg er ferdig. I alle fall nesten.......
Etter at vi kom heim steikte vi ei medisterpølse på panna, og hadde mandelpoteter og surkål til. Det var veldig lettvint (og billig).
Nils er somna i godstolen, han var oppe lenge før meg i dag. Men til mitt forsvar må eg seie at eg låg vaken til langt på natt fordi er verkte. Det er ikkje så ofte det skjer, men Nils kunne fortelje at barometeret som han har i garasjen stod usedvanlig lågt i dag. Det er sikkert litt av forklaringa.

Postkassestativet er ikkje så vinkelrett som det ein gong var, det synte seg då Tussa sette opp fiberboksen. Men det er ikkje råd å gjere noko med det før til sommaren. Ser de godt etter, så ligg nabokatten, Nusse, på postkasseloket til matmora. Der låg katten til ho kom og såg etter post. Nusse kjem ofte på besøk til oss, men berre ned på trappa. Inn vil ho ikkje.

3 kommentarer:

Besta sa...

Gratulerer med ny traktar! No blir det spennande å komme på kaffibesøk! Håper at de blir fornøgde med den.

Besta sa...

Dette skulle stått på Solveig sin blogg. Veit ikkje kva som skjedde, eg.

solveig sa...

;-) Kaffien forsvinn fort her sjølv om eg synest eg traktar rikeleg. I dag har eg ikkje vore på Coop, men det lovar bra at det er Tine smør i hyllene att. Når ein tenkjer på kor mykje mager mjølk som vert drukke her i familien t.d., skulle ein tru det vart noko mjølkefeitt til overs ...

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...