lørdag, desember 10, 2011

Vermelding 10.desember - 2011

Klokka er snart halv fem, og det er mørkt ute. Men vi har hatt eit fantastisk ver i dag også; lettskya med sol i fjella.No er det minus 2 grader ute, noko som er akkurat passelig kaldt.
I dag hadde eg ærend på biblioteket, og så var det litt småtteri som mangla i Kongsberg-pakken, dermed vart det handlerunde i dag også. Ikkje den beste dagen for shopping, det var mykje folk i butikkane! Men så trefte vi litt kjentfolk, og det er alltid kjekt. Då vi køyrde heim att via Garvargata, såg eg eit nydelig syn-heile Skåla var bada i rosa sollys. Men før eg hadde kome meg ut av bilen og fått fram fotoapparatet, var sola nesten borte-det skjedde FORT. Men litt av idyllen fekk eg med, sjølv om løa på Hoggamyra kom litt i vegen.
No skal vi pakke ferdig pakken til Kongsberg, så sender vi den på måndag.
For ein gongs skuld har eg ikkje vaska til helga, men vi overlever vel det også. Skal ikkje gjere så mykje meir jule-arbeid heller. Det blir vel mest  berre å slå inn koda på Visa-kortet heretter.
Elles synest eg det er bra at danskane kjem oss til hjelp i desse smørkrisetider. Vi har fått hjelp frå både Danmark og Sverige før, vi. Men då var det rett nok krig.Eg kan hugse både svenskesuppe og svenskepakkar. No bur vi i eitt av dei "feitaste" landa i verda, og det aller rikaste.
Min generasjon har vel stort sett baka av margarin før, men no skal det plutselig vere meierismør i alle kaker.Men eg skulle så gjerne hatt den veste klatten med usalta smør.......

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg har ikkje usalta smør, men kva treng du det til slags kake?

Besta sa...

"Fyll" oppå ei sjokoladekake.

solveig sa...

Ok. Lurte på om det gikk med salta smør.

Bjørg sa...

Eg kosar meg med å lese det du skriv. Det er godt!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...